tysdag, februar 28

komplement?

soundtrack: coldplay - twisted logic

no les familien min eksamensoppgåvene mine på do. hmm..

fredag, februar 17

viagra

soundtrack: bjørk - big time sesuality

eg har aldri i heile mitt liv fått ein einaste spammail som oppfordrar meg til å kjøpa viagra. eller love pills. eller sex games. det næraste eg kjem slike mailar er reklamar for kleskolleksjonen til P. Diddi. eller kva han no kallar seg for tida.

kvar torsdag jobbar eg på Raftohuset - menneskerettighetenes hus. min jobb her besår hovudsakeleg i å rydda opp i resepsjonsmailinnboksen (kjekt ord, forresten). eg finn det noko underleg at kvar dag (i alle fall kvar torsdag) mottek (og slettar) eg her minst 60 mailar frå Pete Davison, Nancy Henley og Aron Kaufman som vil at resepsjonen på Raftohuset skal kjøpa viagra. eller love pills. eller sex games. eg må innrømma at eg ikkje heilt skjønar kva dei ynskjer å oppnå. eller finnest det ein eller anna skummel link mellom menneskerettsarbeid og eit noko eksperimentelt sexliv? er det kan hende eg som er litt treig som ikkje ser samanhengen?


ein liten diggresjon (dette kvalifiserer kan hende ikkje heilt til å vera ein diggresjon, men eg hadde veldig lyst til å skriva det. diggresjon altså) til slutt: i dag mottok eg i resepsjonsmailinnboksen ein slik mail som eg hadde litt problem med å få meg sjølv til å sletta (ja, eg veit at i dag er det fredag og ikkje torsdag, men min overdrivne snillhet gjorde at eg måtte jobba to dagar denne veka) . den var nemleg verken frå Pete, Nancy eller Aron. men derimot frå mailadressa qbpwntzhdtdedww@webtv.net. for ei utruleg tøff mailadresse! og ikkje nok med det. tema for mailen var nemleg zLwWTOIlKaK UMSpnSw JuBNFOZDhW zegaX KRQBwkcRRhp kqojxNhjX . wow. eg er facsinert. vurderer å vidaresenda mailen til min eigen innboks