onsdag, november 28

bakhtin

retorikkstudenten fekk eit kyss av kjærasten sin for over ein time sidan, og fram til no har han smilt kontinuerleg, utan det minste teikn til svinnande lukke, og berre pupillane hans flyttar seg etter orda han les.
somme gonger er det verkeleg bryet verdt å opphalda seg på biblioteket store delar av dagen

tysdag, november 20

adrian/anne/bert/bridget

dette er ein hyllest. til kva, veit eg ikkje sikkert, men ein hyllest er det i alle fall. om du vil, er den til deg. også

i går laga eg fruktsalat etter søs si oppskrift. eg laga fruktsalat og kjøpte rosebud-leppomade, og eg er lukkeleg. eg kjenner meg heldig. fordi eg alltid har ein grunn til å krøka overleppa over den øvre tannrekkja for å, om enn noko mislukka, unngå mitt dårlege fotomodellsmil. nærast kvar dag har eg ein av desse dagane. ein av desse dagane då ein berre har lyst å vårskrika, som ronja, heile tida. hovudsakleg finst det, og har funnest det siste halvanna året, éin grunn til mi vedvarande lukke. eg tenkjer ikkje skriva her kva denne grunnen er, for alle veit det jo allereie. alle veit kva den er. men likevel er det ingen som forstår den. ein veit kva, men ikkje korleis. sjølve innhaldet, liksom. ”eg skjønar meg ikkje på det”, seier mari beint fram. og eg ler. eg ler og ler, ein slik god latter, du veit, ein slik som verkeleg kjem frå magen (er det ikkje det ein seier?), for ho er fin og ho veit så mykje og ho har truleg heilt rett. eg trur ikkje nokon forstår. mest fordi det er så enkelt. ”litt som i barnehagen då”, seier guro. og me smiler alle. ja, akkurat som i barnehagen. no har ikkje eg gått i barnehage, så eg har i utgangspunktet ikkje noko bakgrunn for å kunna semjast med ho i dette, men eg har då vore (forholdsvis) liten eg også, og me hadde alltid minst 8 born i huset som eg leika med/passa på, og eg trur ikkje dette kan vera så utruleg ulikt denne barnehagekjensla. "du er min, ho er di og han er hans. og slik skal det vera for alltid!" eg går rundt i bergen og dansar for meg sjølv. så dreg eg til oslo i tre fantastiske dagar og omtalar meg sjølv i fleirtal. eg kjem attende og bestemmer meg for at i dag, i dag, skal eg skriva minst to sider på oppgåva. i staden skriv eg her, og eg kjenner korleis eg vert gladare og gladare. om det nokon gong hender noko usigeleg trist med meg, trur eg likevel eg kjem til å smila. alt det fine som omgjev meg demmer på eit vis opp (noko den observante vil forstå at i seg sjølv kan vera ein smule deprimerande til tider). kan hende har eg litt dårleg samvit for dette, men det ligg ikkje så langt opp som eg likar å tru. kan hende er eg berre påtatt solidarisk. eller skapegoistisk. men eg veit i alle fall at eg aldri har hatt så stor grunn til å uroa meg føre ein eksamen som no, og samstundes at eg aldri har uroa meg så lite føre ein som no. sist gong var det the o.c. gongen før var det erl. denne gongen er det ikkje noko særskilt, forutan berre mi eiga generelle, fine røyndomsoppfatting og dette, desse, og framføre alt denne, som eg ikkje synest gå lei av i det heile

søndag, november 18

medisin

desse bileta gjer meg glad. eg trur at dersom det nokon gong vert heilt, heilt, heilt fred i heile verda, jordkloten er vorte frisk att og alle levande har det finfint, kjem noko slikt til å henda over alt. difor må eg nokon gonger stoppa utanfor sony-butikken og berre sjå og sjå lenge, lenge. og gle meg. men no kan eg sjå den her i staden. dette burde eg ha tenkt på tidlegare

torsdag, november 15

oslo

eg dreg til monopolbyen for å samla gater. kan hende finn eg fleir denne gongen

søndag, november 11

nøgd

eg snurrar ei mandarinskalremse tre gonger rundt hovudet og ynskjer meg ein snøleopard. den forrige eg hadde mista eg i eit arveoppgjer og har fått grøne striper i andletet. eg har framleis ein liten, søt ein i sofaen, men den er liten og den er berre i sofaen, så eg saknar den gamle. heldigvis har eg framleis besøks- og koserett. heldigvis.

eg treng likevel meir tid saman med den gamle snøleoparden. meir tid! ein heiltidssnøleopard er det er treng. sjølv om eg har ein sjiraff og låner ein hund. dersom ein fyrst har hatt ein snøleopard trur eg det vanskeleg let seg gjera å leva utan.

men om eg likevel ikkje kan få ein, ynskjer eg meg ein danske i staden. som kan gå rundt meg heile dagen å fylla hovudet mitt med dansk. eller ein yoghurt. ein slik ny, lakserosa ein, med markjorbærsmak. difor vonar eg den neste mandarina eg et også har ni båtar. og at eg aldri, aldri mistar evna til å skrella av mandarinskalet slik at det heng saman i éi, lang mandarinskalremse