torsdag, februar 15

ambiance

soundtrack: final fantasy - song song song

å ligga på golvet på biblioteket
under Emilio sin stol
å sjå ut over kaféen
å snu seg og sjå opp i taket
ventilar og tente lampar
med armane rett ut til sida
å tenkja på korleis me skal få plass til 30 sosialantropologi-vener i stova vår
med tøfler på føttene
og teppe rundt resten av meg
å sjå opp i taket
å sjå ut over kaféen
slik skal eg ha det resten av livet

laurdag, februar 10

ikea

soundtrack: jürgen paape - so weit wie noch nie

me høyrer ein som syng i eit rom
me jagar monotomien
me gjer timar om til år
og at måneskin skin ut frå vårt hår
me flyr uendeleg langt bort

torsdag, februar 8

berrenett

soundtrack: joy division - ceremony

stå i vindauget å sjå litt. hustak, båtar, menneske, sol, sol, sol. kosa i tjukkelabbar og t-skjorte. frukt. ferskt brød. teikna oppmuntrande teikningar på nistepakka. kjenna på humøret. høyra ferdig songen som kjem som etter den som spelar. berre ein. eller to. kan hende. trippa varsamt over is og grus. snøen forsvinn alltid før akebrettet kjem. og grusen vil alltid hjelpa ein ned bakken. men hjelpa er ikkje alltid like god. le litt. sjå på klokka. sjå på ender. sjå på vatnet - ver varsam. isen er ikkje trygg. stoppa litt og høyra på trekkspelmusikk. lengta etter laurdag. lengta etter sommar. elska sola. sakna regnet. sjå på sko i vindauget. sjå på folka på garage. og på 7/11. og bananene der. unngå trepper. nyta kvalskjelettet medan det framleis heng saman. helsa på H.M. Pinnsvinet. sjå på klokka. sjå på menneska. dansa gjennom hf-skogen. sitta litt på verdas beste benk. prøva å blåsa røykringar, eller helst sjiraffar, men det går ikkje for oss som framleis har raude lunger. beundra raudkyrkja. smila litt for kvelden. smila litt for snøenglar. snømenn. smila litt for våren. for utelesing. uteleving. få med alt. sjå på alt og alle fine. store sekkar, små sekkar. store jakker, små jakker. store luer, små luer. store skjerf. kvite kjakar, raude kjakar, brune kjakar, grå. kvite sko. svarte sko. peikande greiner vil gje oss fortente gode klemmar. knitrande rimsnø vil gleda. sola. sola vil ta av alle jakkene. små og store. men det er for tidleg. eller for seint? klatra litt. verda, bergen, høyden, hf. kan hende springa siste biten. auditorium B eller Q eller M. alltid feil alternativ fyrst. og alltid det beste til slutt. trepper og kjente over alt. DJ Geir Svenson spelar på fredag. SAIKH treng nye medlem. og Immaturus har heilhus for siste gong. raude kjakar, bustete hår

er det rart eg alltid går glipp av dei fyrste ti minutta med epos, dramatisk analyse eller Platon og gresk antikk kjærleik?

torsdag, februar 1

bøker

soundtrack: au revoir simone - a violent yet flammable world

når eg vert stor vil eg ha eit bibliotek slik som dette:


og kjøper eg alle bøkene eg har på pensumlista dette semesteret, er eg allereie på god veg.