måndag, oktober 30

hvala

soundtrack: bel canto - big belly butterflies

tour de Balkan 2006: Zagreb - Kroatsia, Banja Luca - Bosnia Hersegovina, Novi Sad - serbia

eg har delt seng med ein gut på eit serbisk bordell. éi pute, éi dyne, gjennomsiktig do-dør, speiglar rundt heile senga, berre jenter i resepsjonen og unatruleg høg 90-talsmusikk i gangane. dersom det fanst ei universitetslue (jamfør russelue) ville eg no definitivt fått ein stor knute på dusketråden.

husbåt-lista må oppdaterast. Novi Sad, Rebulika Srbska. den nye byen (eit ordspel for dei som kan serbisk) i mitt hjarte. akk.





torsdag, oktober 12

preferanse

soundtrack: kings of convenience - i'd rather dance with you

eg vil heller blogga enn å skriva kvasiakademisk om konfesjonalisering

because i haven't read a single book all year. eller noko

tysdag, oktober 10

plagiat

soundtrack: the whitest boy alive - above you

i kampen for å høyra til har kvar dørklokke sin kode. berre ved eit blikk kan den opnast, om du har det eller ikkje
det finst hus og det finst menneske å gå ikring og sjå opp til. kvar svale har si årstid som kvar galge middagstid
ved rytmen i frå språket, ved gnisten i dit steg. snakk i gåter, ver ærleg. med skjold eller heilt open

lærepengen du treng, kan ingen gje til deg
opn opp og strekk deg mot stjernene. oppanfor deg

viss du har ein måte for kunnskap, kan kvar elv overvinnast. tap ein spurv som nett har landa, for den som aldri var
det fins ein song for kvar ein drøymar, medan dei klyv frå gjerdet ned. byter røynda ut for roser, medan andre veka tek til

der ingen har kontroll; der den unge skuggar for den gamle
fordomar og visdom er det same. eg vil ha deg

eg vil ha deg

tysdag, oktober 3

fri

soundtrack: serge gainsbourg - sois belle et tais-toi

eg er 20 år og utan reggis. frå no av skal eg smila frå morgon til kveld året rundt. ingen sorger for store. alltid. sjå på meg!

måndag, oktober 2

illebefinnande

soundtrack: jethro tull - skating away on the thin ice of the new day

eg er sjuk
faktisk. for ein gongs skuld. på skikkeleg. bale
kvar gong eg er sjuk tenkjer eg at eg vil vera sjuk slik som dei er sjuke på film. eg vil at håret mitt skal se ustelt ut på ein fin måte og augo trøytte, men samstundes vakre. eg vil ha på meg store tjukkelabbar og ein grå eller brun ullgenser med stor hals og vera tulla inn i eit gigantisk teppe eller ei dyne som ser ut som dei i lexingtonreklamane. og så vil eg ha ein sånn trofémann som ser fantastisk ut og har mjuke massasjehender og som lagar te og kakao og varm mjølk med honning til meg heile dagen. ja. slik sjuk vil eg vera. eg vil ikkje ligga i senga å kjeda meg ein heil dag. nei. bale
eg er sjuk
faktisk. eg. sjuk. shit
halsen min gror att og dvergane som til vanleg bur i magen min har flytta seg opp til hovudet. kjedeleg
eg er sjuk
men ikkje syns synd på meg. det klarar eg fint sjølv