måndag, november 27

poetisk

soundtrack: boards of canada - eagle in your mind

ei ullhue i regn som slår
alt er skydd
alt, til og med lukta av vete som var for langt borte til å kjenna
to av dykk, to av huer
berre ei som tel
slåande, dettande, fangande dråpar
lagar lukt for langt borte til å kjenna
alt er skydd
alt er skydd
uforklarleg, veit ikkje kvifor
ei ullhue i mørket
svingande greiner, svingande tre
gjer førebuingane meir overkomelege enn nokon gong
berre huene, berre den eine
under slåande, dettande, fangande dropar
melankolien får ei tyding
alt passar inn i den
lukta av våt ull kjem attende heile tida
alt er skydd
auge, raudskjer, ullhue
eg vil alltid sjå deg der
sjå deg der sjølv om
du er for langt borte til å sjå
for langt borte til å kjenna
lukta av vete er for langt borte
for langt
for langt til å lukta, for langt til å sjå, for langt til å kjenna
for langt
alt er skydd

søndag, november 26

førebuingar

soundtrack: radiohead - how to disappear completely

eg veit det nærmar seg eksamen når:

eg byrjar verta glad i dei andre menneska som også heng på biblioteket
eg tek til å skriva dikt og noveller att
eg står opp tidleg om morgonen
eg vurderer å gøyma meg for karl marx og overnatta på biblioteket
eg brukar tidobbelt så mykje pengar på kaffi enn vanleg
eg får hallusinasjonar
eg utviklar intern humor med meg sjølv
eg tel timar, minutt og sekund til lunchpausane
eg vert ekstrem-oppteken av ein eller fleir ting som absolutt ikkje har med eksamensførebuingar å gjera
eg fyller ut alle sidene i kalenderen min
eg brukar studvest til innandørs sydvest
eg les om spinoza og bobbio med paola si stemme i hovudet
eg ler. og ler. og ler. av nesten kva det skulle vera. og er generelt i godt humør. ironisk nok
eg oppheld meg meir på campus enn i skivebakken
eg spring rundt med teppe og tøfler mellom biblioteket og kantina og doen og kafeen
eg høyrer endå meir på melankolsk musikk
eg veit kva alle bøkene på pensum heiter
eg bestemmer meg for kva eg skal bli når eg blir stor - over and over again
eg skriv lister over alt eg skal gjera når eg er ferdig med eksamen


når eg er ferdig med eksamen skal eg:

reisa med fløybanen til topps og eta lunch der
ta med meg liggeunderlag og sovepose og kikka på stjernene frå muséhagen
anskaffa pannelugg
gå på biblioteket og låna cd-ar
sitta på kafé UTAN å lesa bøker
dansa mykje, mellom anna ballett
henta gitaren min, jim, og spela mykje på den
gå til skansen og prøva slenghuska
snakka med den kjekke kantineguten igjen
verta kjend med han eg ufriviljug forfylgjer
starta på neste syprosjekt
kjøpa støvlar, regnjakke og ny paraply
ha vinkveld med overfladisk snakk
læra å spela sjakk
gå på naturhistorisk museum med sjur
måla ferdig biletet til guro
finna ut kvifor alphabetical-songen til phoenix er 7:31 minutt lang når den eigentleg berre varar i 3:23 minutt
gå på kunstmuseum
kjøpa ei svart bukse
søkja om å få verta journalist i atrium
eta fiskekaker på søstrene hagelins
laga jolapakker
montera bokhylle på rommet mitt
melda meg inn i immaturus (på ordentleg denne gongen)
læra meg tysk

oppdateringar kjem undervegs

tysdag, november 21

hufsa

soundtrack: nanny nanny boo boo - le tigre

snille deg. Erna Solberg. Jern-Erna. eg må få oppmoda deg om ein ting. kan du ikkje farga håret ditt svart? og gå med svarte klede heile dagen, alltid, alltid? ja?

måndag, november 20

metablogg

soundtrack: the smiths - heaven knows i'm miserable now

metafysikk, metalitteratur, metakunst, metamusikk, metabetapeta. metablogg. dette er ein metablogg. den handlar om kva ein blogg er.

Emilio seier at alle bloggar er uviktige. difor skriv han dikt i staden.

eg skriv blogg. og er metalitterær. metabloggar. metafor.

når eg blir stor skal eg bli verdens beste novelleforfattar. og tekstforfattar. og playwrite

no skriv eg blogg. jaggu

søndag, november 12

verkeleg?

soundtrack: stardust - music sounds better with you
Anonymous said...

hei.
erlend øye her.

(...)

kult å se min sang på nynorsk,
ble veldig poetisk med en gang!

erl

07 november, 2006 17:23

... still trading roses ...

Rousseau

soundtrack: jens lekman - tram # 7 to heaven

Jean-Jaques og eg. eg og Jean-Jaques. me er ganske godt kjent no. vener nesten. førelesarane likar deg ikkje. anarkistvenen likar deg ikkje. likte deg ikkje. kan hende eg overtalte han. folk likar deg ikkje. eg skjønar ikkje det. eg trur du er misforstått.

du stiller mange spørsmål. spørsmål som eg trur det er viktig at nokon stiller. alt for få stiller dei no. synst eg. eg stiller dei no. men eg har ikkje svara. men det har du. sjølv om det er litt vanskeleg å heilt sjå dei. sjølv om det er litt vanskeleg å forstå dei.

eg og du, Jean-Jaques. eg skjønar ikkje alt du skriv, men eg likar det eg skjønar. i alle fall mykje av det. demokratisk kommunistisk anarkisme. eller noko. men no er eg anakronistisk. trur eg. men Jean-Jaques. eg set min lit til at du kan redda meg. meg og IDH201.

onsdag, november 8

islamoppgåve

soundtrack: edit piaf - padam... padam

pička te materina

den hadde eg gløymt

onsdag, november 1

balkanisert

soundtrack: nouvelle vague - heart of glass

akkurat no har eg veldig lyst til å skriva noko
akkurat no kjem eg eigentleg ikkje på nokon ting eg kan skriva om
akkurat no tenkjer eg at det får vera det same, for eg VIL skriva
akkurat no kjenner eg meg flink
akkurat no føler eg at min eksistens likevel ikkje er heilt likegyldig for verda sin framgang
akkurat no kjenner eg at eg faktisk kan bidra med noko
akkurat no er sjølvtilliten på topp
akkurat no veit eg ikkje heilt kvifor eg kjenner det slik
akkurat no veit eg at eg har lært uendeleg mykje så langt dette semesteret, både på skulen (=uni), i sosialt samkvem, i organisasjonsarbeid og ganske mange fleir ting faktisk
akkurat no tenkjer eg at eg 8 koppar latte kan hende ikkje var så lurt
akkurat no er eg glad
akkurat no er eg varm, og det er veldig deilig sidan eg har tilbrakt dei fleste timane etter at eg kom attende til moderlandet i konstant frostskjelving
akkurat no har eg lyst på gardeball sjølv om eg veit at om to timar har eg ikkje lyst lenger
akkurat no er han bra
akkurat no har eg lyst til å ta på meg skjørt og pumpsa på hylla å hoppa og dansa i sofaen og synga høgt, høgt, høgt
akkurat no er verda fin
akkurat no er alle fine
akkurat no er eg nøgd med valet eg gjorde angåande studentrådsvalet
akkurat no veit eg at sensorane i politisk idéhistorie kjem til å elska meg
akkurat no har eg kontroll på Rousseau
akkurat no har eg skrive akademiske sitat med kyrilliske bokstavar på alle aviser eg kunne få tak i
akkurat no har iTunes skifta song, og eg høyrer eg på ein helt som syng om triste, viktige ting
akkurat no gler eg meg til i morgon, då skal eg lesa, lesa, lesa og sjå Paris, je t'aime på kino
akkurat no smiler eg litt for meg sjølv
akkurat no saknar eg Balkan
akkurat no saknar eg å reise
akkurat no er eg likevel glad for å vera her
akkurat no er eg ferdig. no skal eg dansa