tysdag, desember 2

hovudbry

min veslebror er nok ein av dei aller luraste eg kjenner. her ein dag sa han mellom anna dette:

- eg tenkjer så mykje medan eg et. for då har eg jo så mykje å gnaga på

måndag, september 29

slice

eg brende meg på tunga for nokre dagar sidan. tre dagar, ca. eg byrja på eit alt for varmt pizzastykke, trass i åtvaringar. no har eg eit slikt belegg over det brende området, og det kjennes rart heile tida. det einaste som hjelper er å legga tunga inntil gommen. eller eigentleg tannkammen, alveoli for å vera meir presis. det kjennes ut som eit kvitt belegg. eg veit ikkje kvifor, for det er ikkje kvitt i det heile. det er gjennomsiktig. som spytt nærast

søndag, september 28

hei!
hei hei.
korleis går det?
finfint. oppgåver å levera, ting å oppleva, men hej! slik er det jo.
ja. sant.
korleis går det med deg?
bra.
godt å høyre.
kva åt du til frukost i dag?
eh. brød og speilegg.
hugsa du å skru av kokeplata?
kva?
hugsa du å skru av kokeplata?
eh. ja.
er du sikker?
.....

gamalt nytt

eg elskar deg, tenkte ho, men akkurat då beit ho seg i tunga.
faen! sa ho, og sette seg ned på golvet og tok til å grina.

- kva er det?

-----------------------------------------------

alt som hende etterpå kunne ingen høyra, for det kraftige regnveret tok seg brått endå meir opp, og regndropeslaga mot takvindauget laga ein slik overdøyvande larm at denne typen kvardagslege kommunikasjonssituasjonar drukna både i støy og uvesentlegheit.

likevel sto det tydeleg for henne at slik, slik ho ville ha det, eller snarare slik ho seinare skulle oppdaga at ho ville ha det, slik skulle det bli og bli verande. og slik vart det sjølvsagt. i akkurat like stor klisjégrad som ho likte det. og like brått som regnet både kom og slutta, var tilveret minst like godt og fint att.

måndag, august 18

cobra

songen heiter no. 6 von karman street, og kvar gong eg kjem på at eg elskar den kjenner eg meg omtrent slik:

laurdag, august 2

SA

kva gjer ein når ein har ete sjokolade frå 12 ulike verdshjørner i fire veker i strekk, kjenner eit meir eller mindre umogeleg tilfredsstillande behov for meir, men veit at ein ikkje vil klara å halda den inne i kroppen i meir enn toppen eit halvt minutt?

eg veit ikkje.

måndag, juni 16

ronja

- heiter ein ronny eller raymond, så ein jo liksom berre bli ei bølle eller bilmekanikar

- ja, og dersom ein heiter kvirinius, så ein jo liksom berre bli landshøvding i syria

onsdag, juni 11

outworkworkout

ein kveld bestemte eg meg for å setja meg ned å ta ein prat med den lokale katten. eg hadde sett meg lei av å kvar kveld måtta finna meg i å lytta til det som for meg høyrtes ut som meiningslaus skriking rett utanfor vindauget mitt. me sette oss til rette og snakka om laust og fast, dostojevskij, proust og franske indiepop-band, og han fortalde meg om føremonane ved det å ha hale, om korleis verda ser ut gjennom sjølvlysande auge, og om det komplekse kommunikasjonssystemet kattane tek i bruk for å hjelpa kvarandre når dei er i naud (og som gav meg både forklaring på og forståing for nattehyla).

då eg nokre dagar seinare møtte ei lita jente midt i ein av fløysvingane som lurte på om eg hadde sett katten hennar, rista eg på hovudet (for eg hadde ikkje sett nokon svart katt med to kvite striper under haka), men fortalde oppmuntrande at den heilt sikkert ville koma tilbake. kattar veit å passa på kvarandre, sa eg. og akkurat i det eg sa dette, synst eg så tydelig eg kunne sjå eit lurt, grønt augeblunk under den næraste rhododendronbusken.

dette er berre ein kuriositet eigentleg. men eg likar kuriositetar, og dette er mi historie. og no eg ho eigentleg slutt. eg går og legg meg, og kven veit kva som hender då

tysdag, juni 3

desillusjonsromantikk

bror sendte ei melding der han skreiv:

dårleg nytt, søs! festivalen din vert lagt ned

måndag, juni 2

rive gauche



eg vert så oppteken av føttene mine når eg går barbeint, sa ho, djupt alvorsam. og så sjølvmedviten når eg sleikar på undersida av plastloket til yoghurtboksen

fredag, mai 30

she looks like a model
except she's got a little more ass
don't even bother
unless you've got that thing she likes
I hope she's goin' home with me tonight

and all she wants is to dance
that's why you'll find her on the floor
but you don't have a chance
unless you move the way that she likes
that's why she's goin' home with me tonight

justin <3

nattaskatta

me prata om sex og kjærleik i kliséar som er så klisjéfulle at me til slutt forstod at dei er sanne. etter å ha sagt dei igjen og igjen såg røynda meir og meir ut som noko ein må ha på seg silkehanskar og ikkje kasta stein i for å kunna forhalda seg til. og desse tankane, ideane, erfaringane verka vera så ekte. så mykje meir ekte enn det me til vanleg tenkjer, snakkar om og erkjenner. og til slutt såg alt så veldig enkelt ut. tankane var tenkt ut, og det nødne var sagt. det viktigaste er uansett viktigast og kan ikkje forgå. og me kunne gå å legga oss utan å tenkja meir i det heile

torsdag, mai 22

eksamensvakt

når ein søler ut eit heilt glas appelsinjuice og legg merke til at juicen eigentleg ikkje er gul og at den eigentleg ikkje heng saman i ein masse
når sjiraffen sluttar å snakka
når ein er hemmeleg forelska i chuck bass sjølv om snille auge eigentleg er mykje meir tiltrekjande
når folka på bussen eller toget ser ut som plommer og pærer, berre utan steinar
når ein kan eta lilla roser og spytta ut teinane på stilken utan å stikka seg
når ein kan discodansa på cubus utan å tiltrekkja seg merksemd i det heile
når kvite perler er finast
er det at ein kanskje har sjansen til å forstå samanhengen mellom klumpar i syltetøyet og ynskjet om å byggje verdas aller finaste trehytte

onsdag, mai 21

gaie

eg tykjer målingslukt gjer meg godt og har på ei bukse eg ikkje kan gå med dagen etter ei treningsøkt. på verandaen, som heilt riktig er ein veranda og verken ein altan, ein terasse, ein balkong eller ein platting, har eg berre lete valmuane få stå fordi dei minner meg om Linnea og Monet og får meg til å tenkja på fransk. og då kan eg kjøpa "french vogue" og jalouse, ta på meg hatt og kjenna meg vakker. når eg kan gå frå å grina i 12 timar i strekk til å bli oppglødd og glad av soppetne grantre, tenkjer eg at hormon likevel ikkje berre er dumme og eg forstår at hovudet mitt må vera sett saman på ein nærast utenkjeleg finurleg måte. og når eg kan koma på ord som finurleg heil av meg sjølv, forstår eg at eg truleg må vera meint for noko stort

papillon

gje meg dette minst fem gonger i veka, og "jeg lover jeg skal være for meg selv, jeg skal rydde på mitt rom, aldri mere være dum, og jeg skal legge meg tidlig hvere kveld"

tysdag, mai 13

sola skin, men eg frys og treng ein stad å bu

måndag, mai 5

andvake

den eine - tullete. kosete. bustete. masete.
den andre - lika. sakna. drøyma. lengta.
den eine - treng. din. kjærleik.
den andre - du. har. mengder.

april/mai/juni

så kjekt, så bra, så spanande, fordi! er glad fordi, har vondt i magen fordi. spent fordi. redd, utrygg, augo er smale og peikar nedover i ytterkantane, og det ser ikkje så godt ut. det er mest fordi, meir det enn noko anna. fordi, fordi, fordi, kvifor? seier dette fordi, seier ikkje det andre fordi, kan ikkje fordi, eller jo, det kan ein sjølvsagt. hoppar paradis fordi, gjer det ein må fordi. det er eit dårleg svar, eller kan hende ikkje eit svar i det heile, men dersom ein må, dersom ein ikkje klarar noko anna, då må ein berre og det er helst fordi. men sei det då! aller helst no, for å spara krefter, for å få ny krefter etterpå. gjer det no. og gjer det fordi eg ikkje gjer det, fordi eg ikkje veit kva.

måndag, april 21

kortessay

.om kva som hender/opptek meg for tida.

eg går med turban på hovudet i sola,
eg har fått eit nytt yndlingsord:

underoverskrift



og til slutt skal det helst koma ei overraskande ending

måndag, mars 10

søknad


eg ynskjer meg ein privat fotograf som kan gå rundt og ta slike fantastiske bilete av meg heile tida, som kunne få meg til å sjå heilt fantastisk ut heile tida og visa alle kor fantastisk alt eigentleg er, og minna meg sjølv på kor fantastisk alt er, slik at eg aldri, aldri gløymer det

søndag, mars 9

heime

det kjem "harpiks mot vindauge"-lydar frå tv-en, og eg gler meg til å vinna i lotto på onsdag. eller på laurdag. tidlegare i dag tok eg meg nær av alt som kunne minna om negative reaksjonar fordi eg av og til ikkje kan bestemma kva alle andre skal tenkja og nokre gonger er eg så utruleg redd for å mista det eg ikkje overlever å ikkje ha. eg vonar brørne mine (som eg ikkje kallar T og H, sjølv om eg er aldri så stor fan av gossip girl) og eg vinn førti millionar, men tjue er også greitt. då vil eg gje mykje til noko godt, men også kjøpa meg ei leiligheit. eg vil kjøpa ei leiligheit som har mange rom, eller i det minste plass til fleire, slik at eg slepp å krølla meg saman i sofaen og vera redd for alt eg ikkje kan sjå når eg er aleine og det er myrkt. ofte tørr eg ikkje opna verandadøra om kvelden, for kven veit kva som skulle kunne henda då. difor er eg aldri aleine, og det er finast i verda. men myrkre er også fint og eg vert glad av det og telys. sundagar er så ambivalente. sist gong fekk eg i det minste ei pakke på døra dagen etter, og eg lærte at lukke kan kjøpast for pengar. 499,- for å vera meir presis. og eg treng ikkje meir enn det

måndag, januar 28

men


takk og lov for kveitebollar!

søndag, januar 27

unytte

"kan me ikkje berre snakka om noko anna for ein gongs skuld?" tenkte ho, og lengta etter å bli plukka opp av ei gigantisk utgåve av slike spelemaskin-armar dei har på tivoli og sett ned att ein heilt annan stad, utanfor glasboksen ho sat inne i. men ho heldt fram med å nikka, kjøpte ein ny øl og det slo henne at til og med dei som var aller reddast for å bli eldre allereie var minst fire år føre henne sjølv.

ho gjekk fort, fort, oppover, oppover, og brått var vegen full av snø. ikkje ein gong den kulaste joggeskomodellen eller den mest strålande white knight kunne redda henne no

tysdag, januar 8

glossy

99,00,-
for dyrt
men eg treng estetiske element og innputt i kvardagen for å gjera livet mitt fint og for slik å kunna oppretthalda eit lukkeleg tilvere

eg treng vogue for å vera lukkeleg

onsdag, desember 12

onsdag, november 28

bakhtin

retorikkstudenten fekk eit kyss av kjærasten sin for over ein time sidan, og fram til no har han smilt kontinuerleg, utan det minste teikn til svinnande lukke, og berre pupillane hans flyttar seg etter orda han les.
somme gonger er det verkeleg bryet verdt å opphalda seg på biblioteket store delar av dagen

tysdag, november 20

adrian/anne/bert/bridget

dette er ein hyllest. til kva, veit eg ikkje sikkert, men ein hyllest er det i alle fall. om du vil, er den til deg. også

i går laga eg fruktsalat etter søs si oppskrift. eg laga fruktsalat og kjøpte rosebud-leppomade, og eg er lukkeleg. eg kjenner meg heldig. fordi eg alltid har ein grunn til å krøka overleppa over den øvre tannrekkja for å, om enn noko mislukka, unngå mitt dårlege fotomodellsmil. nærast kvar dag har eg ein av desse dagane. ein av desse dagane då ein berre har lyst å vårskrika, som ronja, heile tida. hovudsakleg finst det, og har funnest det siste halvanna året, éin grunn til mi vedvarande lukke. eg tenkjer ikkje skriva her kva denne grunnen er, for alle veit det jo allereie. alle veit kva den er. men likevel er det ingen som forstår den. ein veit kva, men ikkje korleis. sjølve innhaldet, liksom. ”eg skjønar meg ikkje på det”, seier mari beint fram. og eg ler. eg ler og ler, ein slik god latter, du veit, ein slik som verkeleg kjem frå magen (er det ikkje det ein seier?), for ho er fin og ho veit så mykje og ho har truleg heilt rett. eg trur ikkje nokon forstår. mest fordi det er så enkelt. ”litt som i barnehagen då”, seier guro. og me smiler alle. ja, akkurat som i barnehagen. no har ikkje eg gått i barnehage, så eg har i utgangspunktet ikkje noko bakgrunn for å kunna semjast med ho i dette, men eg har då vore (forholdsvis) liten eg også, og me hadde alltid minst 8 born i huset som eg leika med/passa på, og eg trur ikkje dette kan vera så utruleg ulikt denne barnehagekjensla. "du er min, ho er di og han er hans. og slik skal det vera for alltid!" eg går rundt i bergen og dansar for meg sjølv. så dreg eg til oslo i tre fantastiske dagar og omtalar meg sjølv i fleirtal. eg kjem attende og bestemmer meg for at i dag, i dag, skal eg skriva minst to sider på oppgåva. i staden skriv eg her, og eg kjenner korleis eg vert gladare og gladare. om det nokon gong hender noko usigeleg trist med meg, trur eg likevel eg kjem til å smila. alt det fine som omgjev meg demmer på eit vis opp (noko den observante vil forstå at i seg sjølv kan vera ein smule deprimerande til tider). kan hende har eg litt dårleg samvit for dette, men det ligg ikkje så langt opp som eg likar å tru. kan hende er eg berre påtatt solidarisk. eller skapegoistisk. men eg veit i alle fall at eg aldri har hatt så stor grunn til å uroa meg føre ein eksamen som no, og samstundes at eg aldri har uroa meg så lite føre ein som no. sist gong var det the o.c. gongen før var det erl. denne gongen er det ikkje noko særskilt, forutan berre mi eiga generelle, fine røyndomsoppfatting og dette, desse, og framføre alt denne, som eg ikkje synest gå lei av i det heile

søndag, november 18

medisin

desse bileta gjer meg glad. eg trur at dersom det nokon gong vert heilt, heilt, heilt fred i heile verda, jordkloten er vorte frisk att og alle levande har det finfint, kjem noko slikt til å henda over alt. difor må eg nokon gonger stoppa utanfor sony-butikken og berre sjå og sjå lenge, lenge. og gle meg. men no kan eg sjå den her i staden. dette burde eg ha tenkt på tidlegare

torsdag, november 15

oslo

eg dreg til monopolbyen for å samla gater. kan hende finn eg fleir denne gongen

søndag, november 11

nøgd

eg snurrar ei mandarinskalremse tre gonger rundt hovudet og ynskjer meg ein snøleopard. den forrige eg hadde mista eg i eit arveoppgjer og har fått grøne striper i andletet. eg har framleis ein liten, søt ein i sofaen, men den er liten og den er berre i sofaen, så eg saknar den gamle. heldigvis har eg framleis besøks- og koserett. heldigvis.

eg treng likevel meir tid saman med den gamle snøleoparden. meir tid! ein heiltidssnøleopard er det er treng. sjølv om eg har ein sjiraff og låner ein hund. dersom ein fyrst har hatt ein snøleopard trur eg det vanskeleg let seg gjera å leva utan.

men om eg likevel ikkje kan få ein, ynskjer eg meg ein danske i staden. som kan gå rundt meg heile dagen å fylla hovudet mitt med dansk. eller ein yoghurt. ein slik ny, lakserosa ein, med markjorbærsmak. difor vonar eg den neste mandarina eg et også har ni båtar. og at eg aldri, aldri mistar evna til å skrella av mandarinskalet slik at det heng saman i éi, lang mandarinskalremse