måndag, september 17

atlet

soundtrack: shining - 31=300=20 (It Is by Will Alone I Set My Mind in Motion)

nokre gonger får eg berre ein slik trang til å slå hjul. kan hende har eg skrive dette før, eg skriv så mykje rart, så eg hugsar ikkje. men nokre gonger får eg i alle fall veldig veldig lyst til å slå hjul. det er ganske rart, eigentleg, for eg kan ikkje slå hjul. er plar forklara dette med at beina mine er for lange og at det difor vert nærast umogeleg å få dei til å stå rett opp når berre armane rører bakken, tyngdekraft liksom. men det er vel berre tull, om eg tenkjer etter. eg har nok rett og slett for dårleg koordinasjon, eller noko. kva veit eg. men då eg tenkte på dette i dag, at eg skulle likt å slått hjul, akkurat der og då, inne på biblioteket, der det er nokså stille og mange mange folk over alt, då såg eg ut vindauget. og der såg eg det eine fløybanetoget som rørte seg oppover fjellet på motsatt side av byen. og då tenkte eg på kor utruleg teit det er at eg berre har tatt fløybanen ei gong i mitt liv. ei gong berre. og så tenkte eg på at kvar gong det er fint ver, eller stygt ver for den saks skuld, og eg finn ut at eg skal gå ein tur på fløyen, då tar eg aldri fløybanen. dette heng truleg saman med at når eg går tur på fløyen, så er det helst for å trena litt, ikkje berre sitja i ro inne heile tida, koma ut i frisk luft og gå fort fort og få mykje slankare hofter og lår og slikt, og då ville det vera ein dårleg ide å ta fløybanen opp, for då fekk eg ikkje gått skikkeleg fort i alle oppoverbakkane. eller skikkeleg fort i alle nedoverbakkane dersom eg tok banen nedover og ikkje opp. eg tenkjer at det er mykje betre for meg, reint fysisk, å gå opp på fløyen framføre å reisa med fløybanen. eg tenkjer at det er betre, og difor går eg. men eg har lyst til å ta fløybanen ei gong. eg har så lyst, men likevel går eg. eigentleg har eg mest lyst til å reisa med den gamle fløybanen, den som gjekk før den nye hi tec-fløybanen, og som var mykje meir romantisk eigentleg, men det vert nok litt vanskeleg, så det unngår eg helst å tenkja på. men eg tenkjer at å ta fløybanen, det må eg gjera ei gong. ta ein tur som er bra for meg innvendig, psykisk, eller estetisk, snarare enn fysisk. det tenkjer eg, medan eg går attende til plassen min. og så tenkjer eg at eigentleg, eigentleg, ville det vore ei mykje billigare, reint økonomisk sett, estetisk og psykisk trening å slå hjul på hf-biblioteket (eller h-biblioteket eller kva i all verden eg eigentleg skal kalla det no) enn å ta ein tur med fløybanen. men eg slår ikkje hjul, det gjer eg aldri når eg får denne lysta, og difor går eg heller attende til plassen min og skriv meir om foucault, og tenkjer at eigentleg kunne eg trengt ein sjokolade. for konsentrasjonen si skuld berre. eller kanskje berre estetikken si. eller kva eg no klarar å overtyda meg sjølv om at det eigentleg er for

måndag, september 10

indiesk

soundtrack: lykke li - time flies

korkje facehunta eller brgnstila. men pitchforked derimot. høg på urtete og slagsmålsklubben og andre heltar, men likevel. wow liksom. poppis