laurdag, april 29

oppmoding

soundtrack: the doors - tell all the people

eg vil med dette oppmoda alle som av ein eller annan grunn har gått inn på min blogg til å også sjå på profilen min. ikkje fordi den er spesielt interessant, men fordi du rett og slett vil gjera meg ei teneste. det ser mykje betre ut med til dømes 147 profile views enn med 24.

på førehand takk!

fredeleg helsing livelive

torsdag, april 27

jobb

soundtrack: beck - guess i'm doing fine

sist torsdag leika eg tikken med Frank Årebrot, og snakka med Jostein Gaarder på telefonen.

i dag spør Dr. Denis Martin meg om eg treng helsemedisinen min på internet.

måndag, april 24

glad

soundtrack: thomas dybdahl - a love story

det var ein fin dag. ein av dei første dagane det faktisk var varmare å vera i sola enn i skuggen. me gjekk på tur. eigentleg skulle me plukka blomar, men det var berre april og det hadde ikkje vore så mykje vår endå. så det heilt store mangfaldet fann me ikkje. men eg plukka i alle fall ein hestehov. eller var det du som plukka den? eg er ikkje heilt sikker. kan hende gav eg den til deg først. og så sette du den i håret mitt etterpå. men eg veit ikkje heilt. hugsar ikkje sikkert.

den hestehoven tørka eg. eg hadde aldri tørka ein einaste blome i heile mitt liv før. eg har pressa eit tusentals firkløverar, men aldri tørka nokon. men det gjorde eg altså med denne blomen. eg hengte den opp på rommet mitt. utan eigentleg å tenkja over at eg gjorde det. og der har den hengt heile tida. lenge. saman med den lilla blomen frå den siste skuledagen på vidaregåande. ingen veit kva det er for ein blome. og ingen veit at den er spesiell. eg har den framleis.

eg trudde toget gjekk klokka to minutt på halv åtte. men det gjorde det ikkje. det gjekk ti minutt på halv åtte. det var rein flaks at me rakk det. slik var det eigentleg kvar gong du skulle ta toget. rein flaks at me rakk det. me sprang halvparten av vegen kvar einaste gong. eg tok alltid ein dusj når eg kom heim, for eg hadde verkeleg sprunge. men denne dagen var me heldige og slapp å springa. me møtte mamma og bilen. og når eg kom heim tenkte eg at eg aldri meir skulle dusja i heile mitt liv.

då eg logga på msn på kvelden vart du glad. du hadde skrive noko fint på fransk bak namnet ditt. det var litt feil stava, men det sa eg ikkje til deg. du hadde vore pålogga lenge. men du hadde sjølvsagt ikkje venta berre på meg. du hadde noko arbeid du skulle gjera på dataen. du hadde ikkje gjort så mykje.

du sa at i dag var du udødeleg. eg vart litt redd. og litt glad. men mest forvirra. eg skjøna ikkje heilt kva du meinte. men eg tenkte at det måtte vera noko bra. og eg var glad. det er eg framleis. sjølv om eg kan hende ikkje var det heile tida. men eg var glad då. og eg er glad no også.

måndag, april 10

husbåt

soundtrack: bob marley and the wailers - satisfy my soul

når eg vert stor skal eg bu på ein husbåt. ein slik fin husbåt du veit. ein slik ein som ein faktisk kan køyra med
fyrst skal eg ankra i Amsterdam. i Prinsengracht. eller Prinsekanalen om du vil. midt mellom cannabisdyrkande bohemar, rike livsstilsutforskarar, kattar, sosialklientar og alternativt tenkande "middelklassemenneske".
så skal eg kasta loss og dra til Paris. eg skal bu midt i Seinen. eigentleg ville eg budd i St. Martin-kanalen. men den e nok litt for liten.
kanskje skal eg bu litt i Stockholm. og litt i Finland. eller kanskje litt meir enn litt. Helsinki.
så skal eg dra til Asia. via ei eller anna elv. eller mest sannsynlig meir enn berre éi elv. eg skal i alle fall til India. og nokon -istan land. og Vietnam. og alle dei kjekke landa.
eg skal vidare til Burkina Faso. nærmare bestemt Ougadougo. eg har alltid hatt lyst dit. heilt sidan eg hadde askeladd-prøve om Afrika på barneskulen.
eg skal bu på ein husbåt. når eg blir stor. eg skal bli fransk. og nederlandsk. og svensk. og finsk. og asiatisk. og burkina fasosk.

søndag, april 2

kvifor

soundtrack: coldplay - amsterdam

kvifor tek nokre menneske til å pakka kofferten allereie ei veke før dei skal ut å reisa?