onsdag, mars 29

teit

sountrack: radiohead - karma police

folk seier at dei synest det er teit å skriva blogg. men dei skriv blogg likevel. kanskje er blogg teit. men det er då endå teitare å sei at det er teit. det er teit det. eg seier at det er teit å sei at det er teit å skriva blogg. i alle fall når ein skriv blogg sjølv. men då er eg også ganske teit. for eg seier at dei er teite som seier at det er teit å skriva blogg. så berre gløym at eg sa at det var teit. for det er teit å sei at andre er teite. og det er teit å sei at det er teit å sei at andre er teite. og det er teit å sei det også. og teit å sei at det er teit å sei det også. alt er teit å sei som har teit i seg. og no er eg i alle fall heilt ufatteleg teit. og det har eg faktisk sagt at eg er to gonger no. det er teit det. eg byrjar å bli ganske lei av ordet teit no. det håpar eg du gjer også. teit er eit utruleg teit ord. eit teit ord som ingen burde bruka. teit teit teit. gud, så teit. eg er lei. og eg er teit. alt er teit. men eigentleg er igenting teit. eg skal aldri meir sei at noko er teit. akkurat på same måten som eg aldri skal sei at eg hatar. kanskje eg skal skriva ein blogg om hat også. men når eg tenkjer meg om er det kanskje litt oppbrukt. altså litt teit. men det skulle eg ikkje sei meir. ****

måndag, mars 27

sjiraff

soundtrack: pink floyd - us and them

Ho hadde hovudet fullt av sjiraffar. Same kva ho gjorde
var det ikkje anna enn sjiraffar ho tenkte på. Dessutan
hadde ho fått store smerter i halsen dei siste dagane.

torsdag, mars 23

busstur

soundtrack: 5th dimention - good morning star shine, the earth says hello

i dag tidleg møtte eg ein mann på bussen. klokka 07:43. på 31-bussen frå Oasen til Industrihuset. han var rundt 70 år og hadde masse kvitt på seg. kvitt hår, kvitt skjegg, kvit ryggsekk, kvite augeeple, kvitt slev på haka og på jakkekragen (ekte Ole Einar Bjørndalen-stil).han var sur på bussjåføren som køyrde alt for seint. og så ville han gjerne at eg skulle vera med han til Syden. Bergen var ikkje nokon blivande stad, meinte han. kaldt og vått "hele jævvvla tiden". sjølv om sola då nesten hadde stått opp og himmelen var blåare enn.. noko som er veldig blått. til dømes ein blå blomst - ei blåklokke. og himmelen var altså mykje blåare enn den. og eg synest det var ganske varmt også. under fire lag med genserar og jakker. og skjerf. og ei lilla pute på magen. så for meg verka ikkje sydenturen så alt for freistande. eg trur ikkje han heilt skjønte kva eg meinte då eg poengterte dette for han. i alle fall hindra det ikkje han i å planlegga turen vidare.

då me køyrde inn i tunnellen såg eg at han vart glad. "de har nok ikkje sånne jævvvla tunnellar i Syden hellar", sa han. verken stygt ver eller tunnellar altså. eg har aldri vore nokon stad som på nokon som helst måte kan knytast til omgrepet "Syden", så eg hadde ingen forutsetningar for å kunne seie meg verken samd eller usamd i det han sa. men så skulle han av på neste haldeplass, slik at me ikkje fekk diskutert saka noko vidare.

han reiste seg og gjekk til døra lenge før bussen stoppa. "så fint vér det e i dag, synest du ikkje det frue?", sa han til dama som gjekk av bussen før han.

og me var alle samde i at det hadde vore ein kjekk og lærerik tur

onsdag, mars 22

meg

soundtrack: dadafon - a man's requirements



tysdag, mars 14

hjernestorming

soundtrack: syd barrett - waving my arms in the air

førelesaren min snakkar på same måten som Gorgon vaktmeister. "observere, persipere, reflektere"

eg har autografen til Sondre Lerche i veska

min pojkvän liknar på Sondre Lerche, men det er berre fordi han ikkje vil likna på Sondre Lerche

og så liknar han på Liam Gallager når han har langt hår og pilotbriller

og på Chris Martin når han har kort hår og trøytte auge

Karl Marx jobbar på HF-biblioteket

frå vindauget kan eg se 8 menneske med palestinaskjerf. eg veit ikkje om eg dømmer, ser opp til eller kjenner meg heilt likegyldig til desse menneska

Thomas Dybdahl er favorittartisten til iPoden min. trur eg

eg vil ha ei slik veske som han guten med det krøllete håret på andre sida av rommet har

dei sel Litago sjokolademjølk i kantina. eller sjokolademelk. alt etter som

Amsterdam-turen og Vossa Jazz er samstundes. eg har eit problem

påsken blir bra. ferie, fri, perm. bra

om 121 dagar er eg ikkje tenåring lenger

torsdag, mars 9

dådyrvipper

soundtrack: pixies - where is my mind

for nokre veker sida klipte eg den eine augnevippa mi. ja, det gjorde eg faktisk. var det fordi eg har eit dårleg forhold til augnevippene mine? eigentleg ikkje.

tenkte eg at det ville vera fint med ei vippe som var kortare enn den andre? ikkje det eg kan hugse.

var eg nyfiken på korleis augnevipper veks? kva som ville hende om eg klipte den? nei.

så..

kvifor klipte eg augnevippa mi? jo, no skal du høyre:

eg skulle sy i ein knapp i jakka mi. og så skulle eg klippe av tråen. rommet eg var i var nokså mørkt. så eg heldt tråen opp til auga. og vips. der var den eine augnevippa mi ganske mykje kortare.

"du er rar", sa broren min til meg etterpå

og moralen i historien denne gang var.. ingenting egentlig. utenom at pixies kanskje er verdens beste band

onsdag, mars 1

sundagsbarn

soundtrack: trang fødsel - lykkelige meg

mandagsbarn får vakre øyne.
tirsdagsbarn blir lett på tå.
onsdagsbarn får perletårer.
torsdagsbarn får langt å gå.
fredagsbarn gjør alle glade.
lørdagsbarn blir sjelden trett.
søndagsbarn får største gaven:
alle dyder under ett.


13. juli, 1986 = sundag :D i feel good..