måndag, oktober 29

heme

byen min har, i løpet av berre ei veke, klart å læra meg heile fyrste verset av nystemten utanåt. utan noko som helst innsats frå mi side. og i tillegg gjeve meg stort fyrverkeri tre kveldar på fjorten dagar. og då eg gjekk heim i natt hadde eg ein av desse hengande naudrakettane som lyste opp vegen heilt fram til døra mi.

akkurat no er det utenkjeleg å nokon gong reisa herifrå. dersom verda er vid, men voss er vidare, undrar eg mykje på kor vid bergen eigentleg er

laurdag, oktober 27

wtf?

nokon har tydelegvis store oversetjingsvanskar:
EG ER INGEN KREFT

fredag, oktober 26

m:i:IIII

kan du gjera meg ei teneste?
slå meg. hardt, berre slå.
slå meg, men set deg ved sida av meg etterpå, med ein kopp te, klapp meg på hovudet og sei oppmuntrande ord.
då lovar eg å plukka den største blomebuketten du kan tenkja deg med det same våren kjem og gje til deg, og eg skal halda fram med å hoppa, dansa, synga og le resten av livet

tysdag, oktober 23

nykritikk

i dag gret eg då førelesaren fortalde om Raskolnikov som helst vil isolera seg sjølv, men ikkje held det ut når han lukkast
og like etter måtte eg settja meg på fortauet og le då eg såg alle flagga på festplassen
eg lo då eg møtte ein i duffel coat og gret då eg sa eg måtte gå
då eg vakna hadde noko hendt augo mine, nokon slags allergisk reaksjon trur eg, og eg lo slik at naboane mine også tok til å le ute i gangen, og då eg etter tre lag augensminke framleis såg like hoven ut smilte eg for det
eg lo då eg var så stiv at eg ikkje kunne reisa meg frå krakken i bibliotekskaféen
men gret då eg innsåg at eg kan alle innskripsjonane på studentkortet mitt utanåt

i går gjekk eg tur i tre timar og hoppa paradis med to jenter og ein gut i kalfaret
i natt måtte eg til slutt gje opp all von om å få sova og sette meg i staden i vindauget med ein kopp te og såg på fyrverkeriet

eg trur eg kan sjå ein samanheng (men er samstundes redd for dei eg ikkje ser) (men eg er glad.. ja, glad berre)

måndag, oktober 22

gullet

eg <3 adjektiv

søndag, oktober 21

straum

ein morgon, på veg til førelesing, litt for seint ute som vanleg, springande med lue, skjerf og jakke berre halvvegs på, sko som eigentleg burde vore bytt ut med eit anna par, truleg med feil bøker og berre ein halvopplada max i nettet, møtte eg den feite, ekle skivebakkskatten, som alltid er like svolten, som babyskrik om natta når eg skal sova, som eg alltid kranglar meg og aldri kjem til å gje noko mat til fordi alle dei andre bebuarane i gata vår likevel gjev han alt han vil ha alltid, og eg tenkte "åå, fine katten"

kva? er eg i ferd med å verta sentimental?

(men like etterpå møtte eg odny miljeteig, og då eg ikkje tenkte "åå, fint hår", gjorde dette meg noko mindre uroa)

torsdag, oktober 4

attrå

det hadde du ikkje trudd. hadde du vel? nei, var det ikkje det eg tenkte. men slik er det altså

eg likar løyndomar og sitron. og bergen på fransk