torsdag, mars 23

busstur

soundtrack: 5th dimention - good morning star shine, the earth says hello

i dag tidleg møtte eg ein mann på bussen. klokka 07:43. på 31-bussen frå Oasen til Industrihuset. han var rundt 70 år og hadde masse kvitt på seg. kvitt hår, kvitt skjegg, kvit ryggsekk, kvite augeeple, kvitt slev på haka og på jakkekragen (ekte Ole Einar Bjørndalen-stil).han var sur på bussjåføren som køyrde alt for seint. og så ville han gjerne at eg skulle vera med han til Syden. Bergen var ikkje nokon blivande stad, meinte han. kaldt og vått "hele jævvvla tiden". sjølv om sola då nesten hadde stått opp og himmelen var blåare enn.. noko som er veldig blått. til dømes ein blå blomst - ei blåklokke. og himmelen var altså mykje blåare enn den. og eg synest det var ganske varmt også. under fire lag med genserar og jakker. og skjerf. og ei lilla pute på magen. så for meg verka ikkje sydenturen så alt for freistande. eg trur ikkje han heilt skjønte kva eg meinte då eg poengterte dette for han. i alle fall hindra det ikkje han i å planlegga turen vidare.

då me køyrde inn i tunnellen såg eg at han vart glad. "de har nok ikkje sånne jævvvla tunnellar i Syden hellar", sa han. verken stygt ver eller tunnellar altså. eg har aldri vore nokon stad som på nokon som helst måte kan knytast til omgrepet "Syden", så eg hadde ingen forutsetningar for å kunne seie meg verken samd eller usamd i det han sa. men så skulle han av på neste haldeplass, slik at me ikkje fekk diskutert saka noko vidare.

han reiste seg og gjekk til døra lenge før bussen stoppa. "så fint vér det e i dag, synest du ikkje det frue?", sa han til dama som gjekk av bussen før han.

og me var alle samde i at det hadde vore ein kjekk og lærerik tur

4 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Så du møtte min far?

la live sa...

ja

guro sa...

han minner meg om far til jonas.
han er skodespelar på den nationale scene. trur han er ganske kul.
fordi.
at han pleier å vere ein nye person kvar gong han går inn på bussen.
i det han går inn på bussen bestemmer han seg for å vere ein ny person.
og å forandra dagen til nokon framande personar.
klarte han det?

la live sa...

ja. men han kunne godt latt vera å sleva så mykje