onsdag, mars 29

teit

sountrack: radiohead - karma police

folk seier at dei synest det er teit å skriva blogg. men dei skriv blogg likevel. kanskje er blogg teit. men det er då endå teitare å sei at det er teit. det er teit det. eg seier at det er teit å sei at det er teit å skriva blogg. i alle fall når ein skriv blogg sjølv. men då er eg også ganske teit. for eg seier at dei er teite som seier at det er teit å skriva blogg. så berre gløym at eg sa at det var teit. for det er teit å sei at andre er teite. og det er teit å sei at det er teit å sei at andre er teite. og det er teit å sei det også. og teit å sei at det er teit å sei det også. alt er teit å sei som har teit i seg. og no er eg i alle fall heilt ufatteleg teit. og det har eg faktisk sagt at eg er to gonger no. det er teit det. eg byrjar å bli ganske lei av ordet teit no. det håpar eg du gjer også. teit er eit utruleg teit ord. eit teit ord som ingen burde bruka. teit teit teit. gud, så teit. eg er lei. og eg er teit. alt er teit. men eigentleg er igenting teit. eg skal aldri meir sei at noko er teit. akkurat på same måten som eg aldri skal sei at eg hatar. kanskje eg skal skriva ein blogg om hat også. men når eg tenkjer meg om er det kanskje litt oppbrukt. altså litt teit. men det skulle eg ikkje sei meir. ****

5 kommentarer:

Siri sa...

Tate Modern. Tate.
Syns du fortsatt "teit" er like teit?
Eg liker ordet teit. ikkje meininga. men lyden. det minner meg om "tais toi".

la live sa...

eg syns fortsatt "teit" er teit. både meininga og lyden. det med lyden trur eg har noko med den t-en på slutten. lyden til ordet tei synst eg er kjempefin.

"teit" kunne også vore ein morosam lyd. slik som lyden i "tais toi". men då kunne ikkje i-en vore i midten. lyden til "teit" ligg på ein måte i midten, og rekk ikkje heilt opp til å bli fin eller morosam

guro sa...

hm. din blogg er heilt fantastisk.

la live sa...

eg er einig med deg i alt det du seier utenom det siste leddet i den siste setningen. akkurat det veit eg ikkje om eg trur noko på

guro sa...

eg er supereinig med knut ivar.
eg har for det meste rett.
innrøm det live.
eller så er du teit.