måndag, april 24

glad

soundtrack: thomas dybdahl - a love story

det var ein fin dag. ein av dei første dagane det faktisk var varmare å vera i sola enn i skuggen. me gjekk på tur. eigentleg skulle me plukka blomar, men det var berre april og det hadde ikkje vore så mykje vår endå. så det heilt store mangfaldet fann me ikkje. men eg plukka i alle fall ein hestehov. eller var det du som plukka den? eg er ikkje heilt sikker. kan hende gav eg den til deg først. og så sette du den i håret mitt etterpå. men eg veit ikkje heilt. hugsar ikkje sikkert.

den hestehoven tørka eg. eg hadde aldri tørka ein einaste blome i heile mitt liv før. eg har pressa eit tusentals firkløverar, men aldri tørka nokon. men det gjorde eg altså med denne blomen. eg hengte den opp på rommet mitt. utan eigentleg å tenkja over at eg gjorde det. og der har den hengt heile tida. lenge. saman med den lilla blomen frå den siste skuledagen på vidaregåande. ingen veit kva det er for ein blome. og ingen veit at den er spesiell. eg har den framleis.

eg trudde toget gjekk klokka to minutt på halv åtte. men det gjorde det ikkje. det gjekk ti minutt på halv åtte. det var rein flaks at me rakk det. slik var det eigentleg kvar gong du skulle ta toget. rein flaks at me rakk det. me sprang halvparten av vegen kvar einaste gong. eg tok alltid ein dusj når eg kom heim, for eg hadde verkeleg sprunge. men denne dagen var me heldige og slapp å springa. me møtte mamma og bilen. og når eg kom heim tenkte eg at eg aldri meir skulle dusja i heile mitt liv.

då eg logga på msn på kvelden vart du glad. du hadde skrive noko fint på fransk bak namnet ditt. det var litt feil stava, men det sa eg ikkje til deg. du hadde vore pålogga lenge. men du hadde sjølvsagt ikkje venta berre på meg. du hadde noko arbeid du skulle gjera på dataen. du hadde ikkje gjort så mykje.

du sa at i dag var du udødeleg. eg vart litt redd. og litt glad. men mest forvirra. eg skjøna ikkje heilt kva du meinte. men eg tenkte at det måtte vera noko bra. og eg var glad. det er eg framleis. sjølv om eg kan hende ikkje var det heile tida. men eg var glad då. og eg er glad no også.

4 kommentarer:

guro sa...

eg og har gjort det der ti på halv åtte/to på halv åtte greine..
men eg kjem aldri meir enn 1/2 min før toget går, så eg rakk det ikkje..

men, du er søt.

la live sa...

du er og søt

la live sa...

det er endå ikkje for seint å gjera det!

Anonym sa...

Your website has a useful information for beginners like me.
»