måndag, oktober 2

illebefinnande

soundtrack: jethro tull - skating away on the thin ice of the new day

eg er sjuk
faktisk. for ein gongs skuld. på skikkeleg. bale
kvar gong eg er sjuk tenkjer eg at eg vil vera sjuk slik som dei er sjuke på film. eg vil at håret mitt skal se ustelt ut på ein fin måte og augo trøytte, men samstundes vakre. eg vil ha på meg store tjukkelabbar og ein grå eller brun ullgenser med stor hals og vera tulla inn i eit gigantisk teppe eller ei dyne som ser ut som dei i lexingtonreklamane. og så vil eg ha ein sånn trofémann som ser fantastisk ut og har mjuke massasjehender og som lagar te og kakao og varm mjølk med honning til meg heile dagen. ja. slik sjuk vil eg vera. eg vil ikkje ligga i senga å kjeda meg ein heil dag. nei. bale
eg er sjuk
faktisk. eg. sjuk. shit
halsen min gror att og dvergane som til vanleg bur i magen min har flytta seg opp til hovudet. kjedeleg
eg er sjuk
men ikkje syns synd på meg. det klarar eg fint sjølv

4 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Vi ser tydeligvis ikke de samme filmene. I filmene jeg ser - så fører som oftest sykdommen til at viruset dreper offeret og gjør dem om til KJØTTETENDE ZOMBIES. Jeg syns du skal være takknemlig.

la live sa...

emilio, du veit jo at eg berre ser romantiske komedia frå 80-talet

guro sa...

venneeen då. kan ikkje eg vera ho håplause veslesystera som du til vanleg må passa på, men som du no tar den store rosa telefonen og ringe å klage til?
og så kan eg komma trippande opp til deg i ein lilla genserkjole og svarte pumps og ha med iskrem frå ein sånn boks du veit, og så kan me sitta å se på sex og singelliv og eta rett frå boksen med storestore skeier!

la live sa...

Ja!!