onsdag, juni 11

outworkworkout

ein kveld bestemte eg meg for å setja meg ned å ta ein prat med den lokale katten. eg hadde sett meg lei av å kvar kveld måtta finna meg i å lytta til det som for meg høyrtes ut som meiningslaus skriking rett utanfor vindauget mitt. me sette oss til rette og snakka om laust og fast, dostojevskij, proust og franske indiepop-band, og han fortalde meg om føremonane ved det å ha hale, om korleis verda ser ut gjennom sjølvlysande auge, og om det komplekse kommunikasjonssystemet kattane tek i bruk for å hjelpa kvarandre når dei er i naud (og som gav meg både forklaring på og forståing for nattehyla).

då eg nokre dagar seinare møtte ei lita jente midt i ein av fløysvingane som lurte på om eg hadde sett katten hennar, rista eg på hovudet (for eg hadde ikkje sett nokon svart katt med to kvite striper under haka), men fortalde oppmuntrande at den heilt sikkert ville koma tilbake. kattar veit å passa på kvarandre, sa eg. og akkurat i det eg sa dette, synst eg så tydelig eg kunne sjå eit lurt, grønt augeblunk under den næraste rhododendronbusken.

dette er berre ein kuriositet eigentleg. men eg likar kuriositetar, og dette er mi historie. og no eg ho eigentleg slutt. eg går og legg meg, og kven veit kva som hender då

Ingen kommentarer: