onsdag, januar 18

konkurrangsje

soundtrack: david bowie - it ain't easy

eg startar no meir eller mindre offisielt ei undersøking. som etter planen skal enda i med eit statistisk reknestykke. om idrettsfolk. og uttale av ord. nærare bestemt eit spesielt ord:

kor stort er sannsynet for at ein idrettsperson uttalar den siste delen av ordet konkurranse som ngsje i staden for nse? eg veddar på at sannsynsgraden er rimeleg stor. langt over femti prosent.

veddar du i mot?

måndag, januar 16

sliten

soundtrack: jacky terrasson - ne me quite pas

ååå, eg er sliten. veldig. har nettopp vore på symjing. (symjing er forresten eit veldi fint ord, kom eg til å tenka på no. hmm) har trent masse. masse masse masse. ååå, sliten no. men deilig sliten. ein fantastisk ting eigentleg. å vera sliten på ein deilig måte. noko som tilsynelatande er ganske sjølvmotseiande og som samstundes likevel ikkje er det. sliten som i at no har eg berre lyst til å ligga på senga med ein haug med puter og lesa bok og eta appelsin eller drikka varm sjokolade (eg kan jo ikkje godt både eta appelsin og drikka varm sjokolade. av ein eller annan grunn passar dei liksom ikkje heilt saman) og høyra på kosemusikk. med godt samvit. eg skal ingenting ant, og eg har trent. wow.. for ein fantastisk ting. sliten på ein deilig måte

torsdag, januar 12

hagl

soundtrack: corinne bailey rae - like a star

eg må innrømma at eg aldri eigentlig har vore ein heilt stor fan av fenomenet hagl. har liksom ikkje heilt skjønt poenget. enten så får det regna skikkeleig (har komme til den konklusjon at regn eigentlig kan vera ganske koselig.. sjølv om eg og er heilt hinsides lei av å vera våt på føttene), store, skikklig våte, deilige dropar, eller så får det snø. helst snø. men hagl? kva? nei
men på arna i går, endra min oppfatning av hagl seg betraktelig. for et fantastisk haglver! plutselig kunne eg ikkje se NOEN ting lenger fordi absolutt ALT var dekt av dei mest fantastiske haglkulene eg noen gong har opplevd. store. raske. sterke. mm, sterke. skulle ønska eg hadde hatt ein paraply! det hadde vore kjekt! då kunne eg ha gjort sånn som dei alltid gjer i donald-historiene. å liksom brøyta meg veg gjennom haglet med paraplyen. men eg hadde ikkje noen paraply
når eg tenker på det så er eigentig hagl eit ganske fascinerande ord. hagl. med gl på sluttel liksom. gl? ganske rart. men ganske kult og. hagl. viss det ikkje var for at tekst og kultur har drept min fascinasjon for diktet "regn (impromptu)" så skulle eg ha skrive eit tilsvarande dikt om hagl
hagl er jo kjekt jo!