torsdag, januar 12

hagl

soundtrack: corinne bailey rae - like a star

eg må innrømma at eg aldri eigentlig har vore ein heilt stor fan av fenomenet hagl. har liksom ikkje heilt skjønt poenget. enten så får det regna skikkeleig (har komme til den konklusjon at regn eigentlig kan vera ganske koselig.. sjølv om eg og er heilt hinsides lei av å vera våt på føttene), store, skikklig våte, deilige dropar, eller så får det snø. helst snø. men hagl? kva? nei
men på arna i går, endra min oppfatning av hagl seg betraktelig. for et fantastisk haglver! plutselig kunne eg ikkje se NOEN ting lenger fordi absolutt ALT var dekt av dei mest fantastiske haglkulene eg noen gong har opplevd. store. raske. sterke. mm, sterke. skulle ønska eg hadde hatt ein paraply! det hadde vore kjekt! då kunne eg ha gjort sånn som dei alltid gjer i donald-historiene. å liksom brøyta meg veg gjennom haglet med paraplyen. men eg hadde ikkje noen paraply
når eg tenker på det så er eigentig hagl eit ganske fascinerande ord. hagl. med gl på sluttel liksom. gl? ganske rart. men ganske kult og. hagl. viss det ikkje var for at tekst og kultur har drept min fascinasjon for diktet "regn (impromptu)" så skulle eg ha skrive eit tilsvarande dikt om hagl
hagl er jo kjekt jo!

2 kommentarer:

guro sa...

hm. bra lovely live!
men du. paparly?

la live sa...

bettre nu, eller hur?