måndag, januar 16

sliten

soundtrack: jacky terrasson - ne me quite pas

ååå, eg er sliten. veldig. har nettopp vore på symjing. (symjing er forresten eit veldi fint ord, kom eg til å tenka på no. hmm) har trent masse. masse masse masse. ååå, sliten no. men deilig sliten. ein fantastisk ting eigentleg. å vera sliten på ein deilig måte. noko som tilsynelatande er ganske sjølvmotseiande og som samstundes likevel ikkje er det. sliten som i at no har eg berre lyst til å ligga på senga med ein haug med puter og lesa bok og eta appelsin eller drikka varm sjokolade (eg kan jo ikkje godt både eta appelsin og drikka varm sjokolade. av ein eller annan grunn passar dei liksom ikkje heilt saman) og høyra på kosemusikk. med godt samvit. eg skal ingenting ant, og eg har trent. wow.. for ein fantastisk ting. sliten på ein deilig måte

Ingen kommentarer: