tysdag, mars 14

hjernestorming

soundtrack: syd barrett - waving my arms in the air

førelesaren min snakkar på same måten som Gorgon vaktmeister. "observere, persipere, reflektere"

eg har autografen til Sondre Lerche i veska

min pojkvän liknar på Sondre Lerche, men det er berre fordi han ikkje vil likna på Sondre Lerche

og så liknar han på Liam Gallager når han har langt hår og pilotbriller

og på Chris Martin når han har kort hår og trøytte auge

Karl Marx jobbar på HF-biblioteket

frå vindauget kan eg se 8 menneske med palestinaskjerf. eg veit ikkje om eg dømmer, ser opp til eller kjenner meg heilt likegyldig til desse menneska

Thomas Dybdahl er favorittartisten til iPoden min. trur eg

eg vil ha ei slik veske som han guten med det krøllete håret på andre sida av rommet har

dei sel Litago sjokolademjølk i kantina. eller sjokolademelk. alt etter som

Amsterdam-turen og Vossa Jazz er samstundes. eg har eit problem

påsken blir bra. ferie, fri, perm. bra

om 121 dagar er eg ikkje tenåring lenger

4 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Jeg har snakket med Karl Marx på biblioteket, han skjelver litt med hendene.

la live sa...

hmm. det har eg faktisk ikkje tenkt over.. Karl Marx skjelv på hendene

guro sa...

amsterdam-tur?
er det noko du føler du bør fortelje meg?
og. live. du går med palestina skjerf, og eg går med palestina skjerf. du bør sjå opp til desse folka!

og. live. du er søt!

la live sa...

eg går ikkje med palestinaskjerf. berre heima. fordi det er så sinnsjukt deilig stoff i dei

og eg veit. eg er søt