soundtrack: bob marley and the wailers - satisfy my soul
når eg vert stor skal eg bu på ein husbåt. ein slik fin husbåt du veit. ein slik ein som ein faktisk kan køyra med
fyrst skal eg ankra i Amsterdam. i Prinsengracht. eller Prinsekanalen om du vil. midt mellom cannabisdyrkande bohemar, rike livsstilsutforskarar, kattar, sosialklientar og alternativt tenkande "middelklassemenneske".
så skal eg kasta loss og dra til Paris. eg skal bu midt i Seinen. eigentleg ville eg budd i St. Martin-kanalen. men den e nok litt for liten.
kanskje skal eg bu litt i Stockholm. og litt i Finland. eller kanskje litt meir enn litt. Helsinki.
så skal eg dra til Asia. via ei eller anna elv. eller mest sannsynlig meir enn berre éi elv. eg skal i alle fall til India. og nokon -istan land. og Vietnam. og alle dei kjekke landa.
eg skal vidare til Burkina Faso. nærmare bestemt Ougadougo. eg har alltid hatt lyst dit. heilt sidan eg hadde askeladd-prøve om Afrika på barneskulen.
eg skal bu på ein husbåt. når eg blir stor. eg skal bli fransk. og nederlandsk. og svensk. og finsk. og asiatisk. og burkina fasosk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Burkina Faso grenser ikke mot havet. Sorry.
trur du ikkje dei har elver der?
nei
eg trur.
det fins i alle fall tre rimeleg store elver i burkina faso. den røde, den kvite og den svarte volta. den kvite og den raude ligg ganske nære hovudstaden, og har små sideelver/kanalaktige elver til byen. so da e no so greitt
so da e no so greitt.
sa mannen som skulle fikse på liket til den gamle tanta.
hæ?
Hmm I love the idea behind this website, very unique.
»
Legg inn en kommentar