måndag, oktober 30

hvala

soundtrack: bel canto - big belly butterflies

tour de Balkan 2006: Zagreb - Kroatsia, Banja Luca - Bosnia Hersegovina, Novi Sad - serbia

eg har delt seng med ein gut på eit serbisk bordell. éi pute, éi dyne, gjennomsiktig do-dør, speiglar rundt heile senga, berre jenter i resepsjonen og unatruleg høg 90-talsmusikk i gangane. dersom det fanst ei universitetslue (jamfør russelue) ville eg no definitivt fått ein stor knute på dusketråden.

husbåt-lista må oppdaterast. Novi Sad, Rebulika Srbska. den nye byen (eit ordspel for dei som kan serbisk) i mitt hjarte. akk.





5 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Ja folkens. Det ER meg på det siste bildet. Jeg var innom Zagreb for en dag, og stakk hjem igjen før 22:00.

la live sa...

synd at biletet ikkje er frå Zagreb då! nok eit døme på at bilete vinn merksemd framføre tekst..

b-b-k sa...

Det later som en galen resa. Galna resor tycker jag är bra! Berätta mer!

la live sa...

ja, naute galen, som dei seier det på sunnmøre (takk til Kristoffer). ein flokk med natur og ungdom-studentar frå heile Noreg på tur på Balkan. det kunne jo ikkje enda anleis. i tillegg til å sova på bordell, festa me med gamle kroatar med ølmage, hadde ein morosam bussjåfør med bart som berre sa pula pula pula pula og høyrte på ace of bace heile turen, hadde med oss ein gut som "insisterte" på å bruka tannkrem til barberskum, erta på oss ein serbisk passkonrollør (men me fekk stempel i passet likevel :D), stemte fram mister environment 2006, fekk ein kvar sjenkestad me var innom til å halda ope minst 90 minutt lenger enn dei eigentleg skulle, kjøpte is i barar der alle eigarane var fulle, utvida bekjentskapskretsen med minst 5 Ivan-ar (og forelska oss i minst ein av dei), lærte oss å sei pivo, rakia, dobardan og jiveli!, hoppa rundt i shorts og t-skjorte medan dei lokale pakka på seg skjerf og lue, diskuterte filosofi med serbiske filosofistudentar som ikkje kunne engelsk, fulgte heilhjarta med på uendelege miljøføredrag på serbisk, og så har me vel byrja å få litt eksamensangst alle og ein kvar når me fann ut at det plutseleg var november då me kom heim att. vil du vita meir er det berre å sei i frå. eg sender gjerne mail :) kram

b-b-k sa...

Okej. Jag vill ha mail, manga och langa!

Bisous