onsdag, november 1

balkanisert

soundtrack: nouvelle vague - heart of glass

akkurat no har eg veldig lyst til å skriva noko
akkurat no kjem eg eigentleg ikkje på nokon ting eg kan skriva om
akkurat no tenkjer eg at det får vera det same, for eg VIL skriva
akkurat no kjenner eg meg flink
akkurat no føler eg at min eksistens likevel ikkje er heilt likegyldig for verda sin framgang
akkurat no kjenner eg at eg faktisk kan bidra med noko
akkurat no er sjølvtilliten på topp
akkurat no veit eg ikkje heilt kvifor eg kjenner det slik
akkurat no veit eg at eg har lært uendeleg mykje så langt dette semesteret, både på skulen (=uni), i sosialt samkvem, i organisasjonsarbeid og ganske mange fleir ting faktisk
akkurat no tenkjer eg at eg 8 koppar latte kan hende ikkje var så lurt
akkurat no er eg glad
akkurat no er eg varm, og det er veldig deilig sidan eg har tilbrakt dei fleste timane etter at eg kom attende til moderlandet i konstant frostskjelving
akkurat no har eg lyst på gardeball sjølv om eg veit at om to timar har eg ikkje lyst lenger
akkurat no er han bra
akkurat no har eg lyst til å ta på meg skjørt og pumpsa på hylla å hoppa og dansa i sofaen og synga høgt, høgt, høgt
akkurat no er verda fin
akkurat no er alle fine
akkurat no er eg nøgd med valet eg gjorde angåande studentrådsvalet
akkurat no veit eg at sensorane i politisk idéhistorie kjem til å elska meg
akkurat no har eg kontroll på Rousseau
akkurat no har eg skrive akademiske sitat med kyrilliske bokstavar på alle aviser eg kunne få tak i
akkurat no har iTunes skifta song, og eg høyrer eg på ein helt som syng om triste, viktige ting
akkurat no gler eg meg til i morgon, då skal eg lesa, lesa, lesa og sjå Paris, je t'aime på kino
akkurat no smiler eg litt for meg sjølv
akkurat no saknar eg Balkan
akkurat no saknar eg å reise
akkurat no er eg likevel glad for å vera her
akkurat no er eg ferdig. no skal eg dansa

6 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Det du trenger er mer tekno i livet ditt.

la live sa...

neineineinei, veldig feil emilio.
Live trengte å få meg tilbake frå l'afrique...

Anonym sa...

oij, no var Guro inne på Live sin data og plutselig så kom det ein innlegg her med livelive sitt namn i steden for guroguro. we. skjønte alle da? :p

HeiaVincent sa...

Du hadde ikke gjort en slik tabbe om du hadde hatt mer tekno i livet ditt.

la live sa...

og du hadde ikkje vore så ufyseleg påståeleg om du hadde hatt mindre tekno i livet ditt

la live sa...

and i'm happy with it