måndag, april 21

kortessay

.om kva som hender/opptek meg for tida.

eg går med turban på hovudet i sola,
eg har fått eit nytt yndlingsord:

underoverskrift



og til slutt skal det helst koma ei overraskande ending

måndag, mars 10

søknad


eg ynskjer meg ein privat fotograf som kan gå rundt og ta slike fantastiske bilete av meg heile tida, som kunne få meg til å sjå heilt fantastisk ut heile tida og visa alle kor fantastisk alt eigentleg er, og minna meg sjølv på kor fantastisk alt er, slik at eg aldri, aldri gløymer det

søndag, mars 9

heime

det kjem "harpiks mot vindauge"-lydar frå tv-en, og eg gler meg til å vinna i lotto på onsdag. eller på laurdag. tidlegare i dag tok eg meg nær av alt som kunne minna om negative reaksjonar fordi eg av og til ikkje kan bestemma kva alle andre skal tenkja og nokre gonger er eg så utruleg redd for å mista det eg ikkje overlever å ikkje ha. eg vonar brørne mine (som eg ikkje kallar T og H, sjølv om eg er aldri så stor fan av gossip girl) og eg vinn førti millionar, men tjue er også greitt. då vil eg gje mykje til noko godt, men også kjøpa meg ei leiligheit. eg vil kjøpa ei leiligheit som har mange rom, eller i det minste plass til fleire, slik at eg slepp å krølla meg saman i sofaen og vera redd for alt eg ikkje kan sjå når eg er aleine og det er myrkt. ofte tørr eg ikkje opna verandadøra om kvelden, for kven veit kva som skulle kunne henda då. difor er eg aldri aleine, og det er finast i verda. men myrkre er også fint og eg vert glad av det og telys. sundagar er så ambivalente. sist gong fekk eg i det minste ei pakke på døra dagen etter, og eg lærte at lukke kan kjøpast for pengar. 499,- for å vera meir presis. og eg treng ikkje meir enn det

måndag, januar 28

men


takk og lov for kveitebollar!

søndag, januar 27

unytte

"kan me ikkje berre snakka om noko anna for ein gongs skuld?" tenkte ho, og lengta etter å bli plukka opp av ei gigantisk utgåve av slike spelemaskin-armar dei har på tivoli og sett ned att ein heilt annan stad, utanfor glasboksen ho sat inne i. men ho heldt fram med å nikka, kjøpte ein ny øl og det slo henne at til og med dei som var aller reddast for å bli eldre allereie var minst fire år føre henne sjølv.

ho gjekk fort, fort, oppover, oppover, og brått var vegen full av snø. ikkje ein gong den kulaste joggeskomodellen eller den mest strålande white knight kunne redda henne no

tysdag, januar 8

glossy

99,00,-
for dyrt
men eg treng estetiske element og innputt i kvardagen for å gjera livet mitt fint og for slik å kunna oppretthalda eit lukkeleg tilvere

eg treng vogue for å vera lukkeleg

onsdag, desember 12

onsdag, november 28

bakhtin

retorikkstudenten fekk eit kyss av kjærasten sin for over ein time sidan, og fram til no har han smilt kontinuerleg, utan det minste teikn til svinnande lukke, og berre pupillane hans flyttar seg etter orda han les.
somme gonger er det verkeleg bryet verdt å opphalda seg på biblioteket store delar av dagen

tysdag, november 20

adrian/anne/bert/bridget

dette er ein hyllest. til kva, veit eg ikkje sikkert, men ein hyllest er det i alle fall. om du vil, er den til deg. også

i går laga eg fruktsalat etter søs si oppskrift. eg laga fruktsalat og kjøpte rosebud-leppomade, og eg er lukkeleg. eg kjenner meg heldig. fordi eg alltid har ein grunn til å krøka overleppa over den øvre tannrekkja for å, om enn noko mislukka, unngå mitt dårlege fotomodellsmil. nærast kvar dag har eg ein av desse dagane. ein av desse dagane då ein berre har lyst å vårskrika, som ronja, heile tida. hovudsakleg finst det, og har funnest det siste halvanna året, éin grunn til mi vedvarande lukke. eg tenkjer ikkje skriva her kva denne grunnen er, for alle veit det jo allereie. alle veit kva den er. men likevel er det ingen som forstår den. ein veit kva, men ikkje korleis. sjølve innhaldet, liksom. ”eg skjønar meg ikkje på det”, seier mari beint fram. og eg ler. eg ler og ler, ein slik god latter, du veit, ein slik som verkeleg kjem frå magen (er det ikkje det ein seier?), for ho er fin og ho veit så mykje og ho har truleg heilt rett. eg trur ikkje nokon forstår. mest fordi det er så enkelt. ”litt som i barnehagen då”, seier guro. og me smiler alle. ja, akkurat som i barnehagen. no har ikkje eg gått i barnehage, så eg har i utgangspunktet ikkje noko bakgrunn for å kunna semjast med ho i dette, men eg har då vore (forholdsvis) liten eg også, og me hadde alltid minst 8 born i huset som eg leika med/passa på, og eg trur ikkje dette kan vera så utruleg ulikt denne barnehagekjensla. "du er min, ho er di og han er hans. og slik skal det vera for alltid!" eg går rundt i bergen og dansar for meg sjølv. så dreg eg til oslo i tre fantastiske dagar og omtalar meg sjølv i fleirtal. eg kjem attende og bestemmer meg for at i dag, i dag, skal eg skriva minst to sider på oppgåva. i staden skriv eg her, og eg kjenner korleis eg vert gladare og gladare. om det nokon gong hender noko usigeleg trist med meg, trur eg likevel eg kjem til å smila. alt det fine som omgjev meg demmer på eit vis opp (noko den observante vil forstå at i seg sjølv kan vera ein smule deprimerande til tider). kan hende har eg litt dårleg samvit for dette, men det ligg ikkje så langt opp som eg likar å tru. kan hende er eg berre påtatt solidarisk. eller skapegoistisk. men eg veit i alle fall at eg aldri har hatt så stor grunn til å uroa meg føre ein eksamen som no, og samstundes at eg aldri har uroa meg så lite føre ein som no. sist gong var det the o.c. gongen før var det erl. denne gongen er det ikkje noko særskilt, forutan berre mi eiga generelle, fine røyndomsoppfatting og dette, desse, og framføre alt denne, som eg ikkje synest gå lei av i det heile

søndag, november 18

medisin

desse bileta gjer meg glad. eg trur at dersom det nokon gong vert heilt, heilt, heilt fred i heile verda, jordkloten er vorte frisk att og alle levande har det finfint, kjem noko slikt til å henda over alt. difor må eg nokon gonger stoppa utanfor sony-butikken og berre sjå og sjå lenge, lenge. og gle meg. men no kan eg sjå den her i staden. dette burde eg ha tenkt på tidlegare

torsdag, november 15

oslo

eg dreg til monopolbyen for å samla gater. kan hende finn eg fleir denne gongen

søndag, november 11

nøgd

eg snurrar ei mandarinskalremse tre gonger rundt hovudet og ynskjer meg ein snøleopard. den forrige eg hadde mista eg i eit arveoppgjer og har fått grøne striper i andletet. eg har framleis ein liten, søt ein i sofaen, men den er liten og den er berre i sofaen, så eg saknar den gamle. heldigvis har eg framleis besøks- og koserett. heldigvis.

eg treng likevel meir tid saman med den gamle snøleoparden. meir tid! ein heiltidssnøleopard er det er treng. sjølv om eg har ein sjiraff og låner ein hund. dersom ein fyrst har hatt ein snøleopard trur eg det vanskeleg let seg gjera å leva utan.

men om eg likevel ikkje kan få ein, ynskjer eg meg ein danske i staden. som kan gå rundt meg heile dagen å fylla hovudet mitt med dansk. eller ein yoghurt. ein slik ny, lakserosa ein, med markjorbærsmak. difor vonar eg den neste mandarina eg et også har ni båtar. og at eg aldri, aldri mistar evna til å skrella av mandarinskalet slik at det heng saman i éi, lang mandarinskalremse

måndag, oktober 29

heme

byen min har, i løpet av berre ei veke, klart å læra meg heile fyrste verset av nystemten utanåt. utan noko som helst innsats frå mi side. og i tillegg gjeve meg stort fyrverkeri tre kveldar på fjorten dagar. og då eg gjekk heim i natt hadde eg ein av desse hengande naudrakettane som lyste opp vegen heilt fram til døra mi.

akkurat no er det utenkjeleg å nokon gong reisa herifrå. dersom verda er vid, men voss er vidare, undrar eg mykje på kor vid bergen eigentleg er

laurdag, oktober 27

wtf?

nokon har tydelegvis store oversetjingsvanskar:
EG ER INGEN KREFT

fredag, oktober 26

m:i:IIII

kan du gjera meg ei teneste?
slå meg. hardt, berre slå.
slå meg, men set deg ved sida av meg etterpå, med ein kopp te, klapp meg på hovudet og sei oppmuntrande ord.
då lovar eg å plukka den største blomebuketten du kan tenkja deg med det same våren kjem og gje til deg, og eg skal halda fram med å hoppa, dansa, synga og le resten av livet

tysdag, oktober 23

nykritikk

i dag gret eg då førelesaren fortalde om Raskolnikov som helst vil isolera seg sjølv, men ikkje held det ut når han lukkast
og like etter måtte eg settja meg på fortauet og le då eg såg alle flagga på festplassen
eg lo då eg møtte ein i duffel coat og gret då eg sa eg måtte gå
då eg vakna hadde noko hendt augo mine, nokon slags allergisk reaksjon trur eg, og eg lo slik at naboane mine også tok til å le ute i gangen, og då eg etter tre lag augensminke framleis såg like hoven ut smilte eg for det
eg lo då eg var så stiv at eg ikkje kunne reisa meg frå krakken i bibliotekskaféen
men gret då eg innsåg at eg kan alle innskripsjonane på studentkortet mitt utanåt

i går gjekk eg tur i tre timar og hoppa paradis med to jenter og ein gut i kalfaret
i natt måtte eg til slutt gje opp all von om å få sova og sette meg i staden i vindauget med ein kopp te og såg på fyrverkeriet

eg trur eg kan sjå ein samanheng (men er samstundes redd for dei eg ikkje ser) (men eg er glad.. ja, glad berre)

måndag, oktober 22

gullet

eg <3 adjektiv

søndag, oktober 21

straum

ein morgon, på veg til førelesing, litt for seint ute som vanleg, springande med lue, skjerf og jakke berre halvvegs på, sko som eigentleg burde vore bytt ut med eit anna par, truleg med feil bøker og berre ein halvopplada max i nettet, møtte eg den feite, ekle skivebakkskatten, som alltid er like svolten, som babyskrik om natta når eg skal sova, som eg alltid kranglar meg og aldri kjem til å gje noko mat til fordi alle dei andre bebuarane i gata vår likevel gjev han alt han vil ha alltid, og eg tenkte "åå, fine katten"

kva? er eg i ferd med å verta sentimental?

(men like etterpå møtte eg odny miljeteig, og då eg ikkje tenkte "åå, fint hår", gjorde dette meg noko mindre uroa)

torsdag, oktober 4

attrå

det hadde du ikkje trudd. hadde du vel? nei, var det ikkje det eg tenkte. men slik er det altså

eg likar løyndomar og sitron. og bergen på fransk

måndag, september 17

atlet

soundtrack: shining - 31=300=20 (It Is by Will Alone I Set My Mind in Motion)

nokre gonger får eg berre ein slik trang til å slå hjul. kan hende har eg skrive dette før, eg skriv så mykje rart, så eg hugsar ikkje. men nokre gonger får eg i alle fall veldig veldig lyst til å slå hjul. det er ganske rart, eigentleg, for eg kan ikkje slå hjul. er plar forklara dette med at beina mine er for lange og at det difor vert nærast umogeleg å få dei til å stå rett opp når berre armane rører bakken, tyngdekraft liksom. men det er vel berre tull, om eg tenkjer etter. eg har nok rett og slett for dårleg koordinasjon, eller noko. kva veit eg. men då eg tenkte på dette i dag, at eg skulle likt å slått hjul, akkurat der og då, inne på biblioteket, der det er nokså stille og mange mange folk over alt, då såg eg ut vindauget. og der såg eg det eine fløybanetoget som rørte seg oppover fjellet på motsatt side av byen. og då tenkte eg på kor utruleg teit det er at eg berre har tatt fløybanen ei gong i mitt liv. ei gong berre. og så tenkte eg på at kvar gong det er fint ver, eller stygt ver for den saks skuld, og eg finn ut at eg skal gå ein tur på fløyen, då tar eg aldri fløybanen. dette heng truleg saman med at når eg går tur på fløyen, så er det helst for å trena litt, ikkje berre sitja i ro inne heile tida, koma ut i frisk luft og gå fort fort og få mykje slankare hofter og lår og slikt, og då ville det vera ein dårleg ide å ta fløybanen opp, for då fekk eg ikkje gått skikkeleg fort i alle oppoverbakkane. eller skikkeleg fort i alle nedoverbakkane dersom eg tok banen nedover og ikkje opp. eg tenkjer at det er mykje betre for meg, reint fysisk, å gå opp på fløyen framføre å reisa med fløybanen. eg tenkjer at det er betre, og difor går eg. men eg har lyst til å ta fløybanen ei gong. eg har så lyst, men likevel går eg. eigentleg har eg mest lyst til å reisa med den gamle fløybanen, den som gjekk før den nye hi tec-fløybanen, og som var mykje meir romantisk eigentleg, men det vert nok litt vanskeleg, så det unngår eg helst å tenkja på. men eg tenkjer at å ta fløybanen, det må eg gjera ei gong. ta ein tur som er bra for meg innvendig, psykisk, eller estetisk, snarare enn fysisk. det tenkjer eg, medan eg går attende til plassen min. og så tenkjer eg at eigentleg, eigentleg, ville det vore ei mykje billigare, reint økonomisk sett, estetisk og psykisk trening å slå hjul på hf-biblioteket (eller h-biblioteket eller kva i all verden eg eigentleg skal kalla det no) enn å ta ein tur med fløybanen. men eg slår ikkje hjul, det gjer eg aldri når eg får denne lysta, og difor går eg heller attende til plassen min og skriv meir om foucault, og tenkjer at eigentleg kunne eg trengt ein sjokolade. for konsentrasjonen si skuld berre. eller kanskje berre estetikken si. eller kva eg no klarar å overtyda meg sjølv om at det eigentleg er for

måndag, september 10

indiesk

soundtrack: lykke li - time flies

korkje facehunta eller brgnstila. men pitchforked derimot. høg på urtete og slagsmålsklubben og andre heltar, men likevel. wow liksom. poppis

søndag, juli 15

harry

soundtrack: sonic youth - the empty page

om eg startar på PS i dag, og les kontinuerleg heilt fram til den 21. kan eg i teorien rekkja å lesa både denne og CoS, PoA, GoF, OotP, HbP før DH. ei bok kvar dag då, eller 467,67 sider. eller 147.657,17 ord.

heia heia!

eg kjem til å bli motteke som ein gud på litteraturvitskap til hausten

laurdag, juli 14

dilla

soundtrack: steve wonder - happy birthday

yes. endeleg har eg også eit fotoapparat av seinare årgang enn 1994









torsdag, juni 28

eksistensialisme

soundtrack: tom waits - heartattack and wine

live
evil

nokre gonger lurer eg på om dette er eit ironisk statement eller om det rett og slett er skildrande, heilt på botnen liksom

fredag, juni 8

biensur

soundtrack: jens lekman - the one dollar thought

ho smakte på håret sitt og tenkte: det smakar.. det smakar godt. det smakar akkurat slik det luktar. på same måten som eplesider gjer det. og kaffi

onsdag, mai 30

framtidsparodi

soundtrack: panda bear - ponytail

den andre: kva studerar du eigentleg, du?

den eine: akkurat no tar eg to kurs i litteraturvitskap og eit i filosofi

den andre: å ja

(stille)

den andre: kvifor det?

den eine: ja.. eg likar det godt, berre.

den andre: likar du det berre?

den eine: ja (stille). eg likar det berre

den andre: å ja

(stille)

den andre: kvifor likar du det berre?

den eine: ja, eg..

(stille)

den andre: ja?

den eine: ja, eg likar det fordi.. fordi eg visste at eg kom til å lika det, og så likar eg det berre

(stille)

den andre: kva skal du bli når du vert stor då?

den eine: når eg vert stor skal eg bli generalsekretær i FN

den andre: (alvorleg) å ja. ja, det høyres spanande ut

den eine: ja. det tykjer eg også

den andre: ja. det.. er vel difor du tek litteratur og slikt då?

den eine: kanskje det

den andre: (alvorleg) men du treng vel å kunna nokon språk også då? om du skal verta generalsekretær, meiner eg

den eine: (smilar) eg gjer vel det. eg kan litt fransk då

den andre: (alvorleg) ja. ja, men då så. og engelsk kan du vel. og tysk lærer du jo fort, og spansk..

(stille)

den andre: ja. akkurat. generalsektretær i FN. spanande. og i kveld skal du på teater. jon fosse, var det det du sa han heitte?

tysdag, mai 1

stemningsraport

soundtrack: hot chip - no fit state

ananas = namm!
msn = vik!
defekt = hahaha!
natt = motivasjon!
tøfler = varm!
heimetrykt t-skjorte = stolt!
sex and the city = leggetid = fristande!
ananas = au!
telys = kos!
syd = elsk, elsk, elsk!

cause i’m a poet
don’t ya know it
and the wind, you can blow it
cause i’m mr. dylan, the king
and i’m free as a bird on the wing

essayanalyse = uaktuelt

måndag, april 30

helt

soundtrack: pink floyd - interstellar overdrive

dette er fyrste gong eg seier dette slik. og truleg også siste (sidan eg eigentleg motseier meg sjølv no). truleg litt ei slik heat of the moment-greie.

men likevel. roger, du er best

<3


onsdag, april 18

villbringebær

soundtrack: a sunny day in glasgow - wake up pretty


kan ikkje nokon vera så snill og berre ta kontroll? bestem for meg. bestem over meg. sei kva eg skal gjera. og få meg til å gjera det du seier. (eller gjer det for meg, om du vil.) s'il vous plaît. snälla. pretty pretty please.
hald meg fast. dytt meg i veg. kva enn du måtte føretrekka.
bestem! og gjer det fort.
eg lærer aldri. så nokon må bestemma.
eg vil klara å velja ein ciabatta til lunch. og kva genser eg skal ta på meg om morgonen.
men eg klarar det ikkje.
eg vil slava. eg vil stressa.
men eg gjer det aldri.
difor treng eg deg.
syt for at eg held meg i arbeid. syt for at eg ikkje daffar av. syt for at eg søv om nettene. syt for at eg søv eller les på toget.
og at eg ikkje får tak i sesong 2 og 3 av the oc på dvd før om minst to månader..

tysdag, mars 27

vår

soundtrack: klaxons - magick

dato: 26. mars
tid: 19:30 (altså like etter solnedgang)
stad: vangsvatnet
hending: BADING

ny rekord!