måndag, september 17

atlet

soundtrack: shining - 31=300=20 (It Is by Will Alone I Set My Mind in Motion)

nokre gonger får eg berre ein slik trang til å slå hjul. kan hende har eg skrive dette før, eg skriv så mykje rart, så eg hugsar ikkje. men nokre gonger får eg i alle fall veldig veldig lyst til å slå hjul. det er ganske rart, eigentleg, for eg kan ikkje slå hjul. er plar forklara dette med at beina mine er for lange og at det difor vert nærast umogeleg å få dei til å stå rett opp når berre armane rører bakken, tyngdekraft liksom. men det er vel berre tull, om eg tenkjer etter. eg har nok rett og slett for dårleg koordinasjon, eller noko. kva veit eg. men då eg tenkte på dette i dag, at eg skulle likt å slått hjul, akkurat der og då, inne på biblioteket, der det er nokså stille og mange mange folk over alt, då såg eg ut vindauget. og der såg eg det eine fløybanetoget som rørte seg oppover fjellet på motsatt side av byen. og då tenkte eg på kor utruleg teit det er at eg berre har tatt fløybanen ei gong i mitt liv. ei gong berre. og så tenkte eg på at kvar gong det er fint ver, eller stygt ver for den saks skuld, og eg finn ut at eg skal gå ein tur på fløyen, då tar eg aldri fløybanen. dette heng truleg saman med at når eg går tur på fløyen, så er det helst for å trena litt, ikkje berre sitja i ro inne heile tida, koma ut i frisk luft og gå fort fort og få mykje slankare hofter og lår og slikt, og då ville det vera ein dårleg ide å ta fløybanen opp, for då fekk eg ikkje gått skikkeleg fort i alle oppoverbakkane. eller skikkeleg fort i alle nedoverbakkane dersom eg tok banen nedover og ikkje opp. eg tenkjer at det er mykje betre for meg, reint fysisk, å gå opp på fløyen framføre å reisa med fløybanen. eg tenkjer at det er betre, og difor går eg. men eg har lyst til å ta fløybanen ei gong. eg har så lyst, men likevel går eg. eigentleg har eg mest lyst til å reisa med den gamle fløybanen, den som gjekk før den nye hi tec-fløybanen, og som var mykje meir romantisk eigentleg, men det vert nok litt vanskeleg, så det unngår eg helst å tenkja på. men eg tenkjer at å ta fløybanen, det må eg gjera ei gong. ta ein tur som er bra for meg innvendig, psykisk, eller estetisk, snarare enn fysisk. det tenkjer eg, medan eg går attende til plassen min. og så tenkjer eg at eigentleg, eigentleg, ville det vore ei mykje billigare, reint økonomisk sett, estetisk og psykisk trening å slå hjul på hf-biblioteket (eller h-biblioteket eller kva i all verden eg eigentleg skal kalla det no) enn å ta ein tur med fløybanen. men eg slår ikkje hjul, det gjer eg aldri når eg får denne lysta, og difor går eg heller attende til plassen min og skriv meir om foucault, og tenkjer at eigentleg kunne eg trengt ein sjokolade. for konsentrasjonen si skuld berre. eller kanskje berre estetikken si. eller kva eg no klarar å overtyda meg sjølv om at det eigentleg er for

måndag, september 10

indiesk

soundtrack: lykke li - time flies

korkje facehunta eller brgnstila. men pitchforked derimot. høg på urtete og slagsmålsklubben og andre heltar, men likevel. wow liksom. poppis

søndag, juli 15

harry

soundtrack: sonic youth - the empty page

om eg startar på PS i dag, og les kontinuerleg heilt fram til den 21. kan eg i teorien rekkja å lesa både denne og CoS, PoA, GoF, OotP, HbP før DH. ei bok kvar dag då, eller 467,67 sider. eller 147.657,17 ord.

heia heia!

eg kjem til å bli motteke som ein gud på litteraturvitskap til hausten

laurdag, juli 14

dilla

soundtrack: steve wonder - happy birthday

yes. endeleg har eg også eit fotoapparat av seinare årgang enn 1994









torsdag, juni 28

eksistensialisme

soundtrack: tom waits - heartattack and wine

live
evil

nokre gonger lurer eg på om dette er eit ironisk statement eller om det rett og slett er skildrande, heilt på botnen liksom

fredag, juni 8

biensur

soundtrack: jens lekman - the one dollar thought

ho smakte på håret sitt og tenkte: det smakar.. det smakar godt. det smakar akkurat slik det luktar. på same måten som eplesider gjer det. og kaffi

onsdag, mai 30

framtidsparodi

soundtrack: panda bear - ponytail

den andre: kva studerar du eigentleg, du?

den eine: akkurat no tar eg to kurs i litteraturvitskap og eit i filosofi

den andre: å ja

(stille)

den andre: kvifor det?

den eine: ja.. eg likar det godt, berre.

den andre: likar du det berre?

den eine: ja (stille). eg likar det berre

den andre: å ja

(stille)

den andre: kvifor likar du det berre?

den eine: ja, eg..

(stille)

den andre: ja?

den eine: ja, eg likar det fordi.. fordi eg visste at eg kom til å lika det, og så likar eg det berre

(stille)

den andre: kva skal du bli når du vert stor då?

den eine: når eg vert stor skal eg bli generalsekretær i FN

den andre: (alvorleg) å ja. ja, det høyres spanande ut

den eine: ja. det tykjer eg også

den andre: ja. det.. er vel difor du tek litteratur og slikt då?

den eine: kanskje det

den andre: (alvorleg) men du treng vel å kunna nokon språk også då? om du skal verta generalsekretær, meiner eg

den eine: (smilar) eg gjer vel det. eg kan litt fransk då

den andre: (alvorleg) ja. ja, men då så. og engelsk kan du vel. og tysk lærer du jo fort, og spansk..

(stille)

den andre: ja. akkurat. generalsektretær i FN. spanande. og i kveld skal du på teater. jon fosse, var det det du sa han heitte?

tysdag, mai 1

stemningsraport

soundtrack: hot chip - no fit state

ananas = namm!
msn = vik!
defekt = hahaha!
natt = motivasjon!
tøfler = varm!
heimetrykt t-skjorte = stolt!
sex and the city = leggetid = fristande!
ananas = au!
telys = kos!
syd = elsk, elsk, elsk!

cause i’m a poet
don’t ya know it
and the wind, you can blow it
cause i’m mr. dylan, the king
and i’m free as a bird on the wing

essayanalyse = uaktuelt

måndag, april 30

helt

soundtrack: pink floyd - interstellar overdrive

dette er fyrste gong eg seier dette slik. og truleg også siste (sidan eg eigentleg motseier meg sjølv no). truleg litt ei slik heat of the moment-greie.

men likevel. roger, du er best

<3


onsdag, april 18

villbringebær

soundtrack: a sunny day in glasgow - wake up pretty


kan ikkje nokon vera så snill og berre ta kontroll? bestem for meg. bestem over meg. sei kva eg skal gjera. og få meg til å gjera det du seier. (eller gjer det for meg, om du vil.) s'il vous plaît. snälla. pretty pretty please.
hald meg fast. dytt meg i veg. kva enn du måtte føretrekka.
bestem! og gjer det fort.
eg lærer aldri. så nokon må bestemma.
eg vil klara å velja ein ciabatta til lunch. og kva genser eg skal ta på meg om morgonen.
men eg klarar det ikkje.
eg vil slava. eg vil stressa.
men eg gjer det aldri.
difor treng eg deg.
syt for at eg held meg i arbeid. syt for at eg ikkje daffar av. syt for at eg søv om nettene. syt for at eg søv eller les på toget.
og at eg ikkje får tak i sesong 2 og 3 av the oc på dvd før om minst to månader..

tysdag, mars 27

vår

soundtrack: klaxons - magick

dato: 26. mars
tid: 19:30 (altså like etter solnedgang)
stad: vangsvatnet
hending: BADING

ny rekord!

tysdag, mars 6

romlekam

soundtrack: the beatles - strawberry fields forever

av og til oppfattar eg tredimensjonaliteten i verda
volum, liksom
eg ser at husa er boksar
som står bak og framføre kvarandre
at fjella ligg bak husa att
og heller ikkje dei er flate
verda er ikkje berre eit teppe som heng ned framføre meg likevel

når eg ser dette ler eg
og etterpå har eg berre lyst til å gå heim å eta jorbæris

torsdag, februar 15

ambiance

soundtrack: final fantasy - song song song

å ligga på golvet på biblioteket
under Emilio sin stol
å sjå ut over kaféen
å snu seg og sjå opp i taket
ventilar og tente lampar
med armane rett ut til sida
å tenkja på korleis me skal få plass til 30 sosialantropologi-vener i stova vår
med tøfler på føttene
og teppe rundt resten av meg
å sjå opp i taket
å sjå ut over kaféen
slik skal eg ha det resten av livet

laurdag, februar 10

ikea

soundtrack: jürgen paape - so weit wie noch nie

me høyrer ein som syng i eit rom
me jagar monotomien
me gjer timar om til år
og at måneskin skin ut frå vårt hår
me flyr uendeleg langt bort

torsdag, februar 8

berrenett

soundtrack: joy division - ceremony

stå i vindauget å sjå litt. hustak, båtar, menneske, sol, sol, sol. kosa i tjukkelabbar og t-skjorte. frukt. ferskt brød. teikna oppmuntrande teikningar på nistepakka. kjenna på humøret. høyra ferdig songen som kjem som etter den som spelar. berre ein. eller to. kan hende. trippa varsamt over is og grus. snøen forsvinn alltid før akebrettet kjem. og grusen vil alltid hjelpa ein ned bakken. men hjelpa er ikkje alltid like god. le litt. sjå på klokka. sjå på ender. sjå på vatnet - ver varsam. isen er ikkje trygg. stoppa litt og høyra på trekkspelmusikk. lengta etter laurdag. lengta etter sommar. elska sola. sakna regnet. sjå på sko i vindauget. sjå på folka på garage. og på 7/11. og bananene der. unngå trepper. nyta kvalskjelettet medan det framleis heng saman. helsa på H.M. Pinnsvinet. sjå på klokka. sjå på menneska. dansa gjennom hf-skogen. sitta litt på verdas beste benk. prøva å blåsa røykringar, eller helst sjiraffar, men det går ikkje for oss som framleis har raude lunger. beundra raudkyrkja. smila litt for kvelden. smila litt for snøenglar. snømenn. smila litt for våren. for utelesing. uteleving. få med alt. sjå på alt og alle fine. store sekkar, små sekkar. store jakker, små jakker. store luer, små luer. store skjerf. kvite kjakar, raude kjakar, brune kjakar, grå. kvite sko. svarte sko. peikande greiner vil gje oss fortente gode klemmar. knitrande rimsnø vil gleda. sola. sola vil ta av alle jakkene. små og store. men det er for tidleg. eller for seint? klatra litt. verda, bergen, høyden, hf. kan hende springa siste biten. auditorium B eller Q eller M. alltid feil alternativ fyrst. og alltid det beste til slutt. trepper og kjente over alt. DJ Geir Svenson spelar på fredag. SAIKH treng nye medlem. og Immaturus har heilhus for siste gong. raude kjakar, bustete hår

er det rart eg alltid går glipp av dei fyrste ti minutta med epos, dramatisk analyse eller Platon og gresk antikk kjærleik?

torsdag, februar 1

bøker

soundtrack: au revoir simone - a violent yet flammable world

når eg vert stor vil eg ha eit bibliotek slik som dette:


og kjøper eg alle bøkene eg har på pensumlista dette semesteret, er eg allereie på god veg.

onsdag, desember 27

liverettogslett

soundtrack: pj harvey - happy and bleeding

jol. jammen. jippi. jabbadabado. jalla. finst det ikkje nokon vanlege ord på norsk som byrjar på j?
verkar ikkje slik.
jol. eg slappar av. eg les. eg drikk te. eg syr. eg skriv. eg spelar. eg syng. eg hoppar. eg dansar. eg ler.
jol. eg jobbar. der ja. jol. jobb.
jobb. eg smiler. eg småsnakkar. eg hjelper. eg serverer. eg surrar. eg tørkar. eg ryddar. eg stablar. eg balanserer. eg vaskar. eg rotar. eg vaskar. eg søler. eg vaskar. eg tullar og vimsar og vinkar og ler.
eg tenkjer. eg byter verda ut med roser og jolapop på stereoen ut med kvitkvite gutar. eg tenkjer. eg drøymer. og gløymer. alle og all verda. jol og jesus. eg vil sova til klokka er fire og eg kan vaska alt bort. likevel vekkjer dei meg. og ler. og smiler. og peikar. og seier at eg er søt. kaféjenta syng. the singing waitress. nesten kult.
sissel tykkjer eg er morosam. eg tykkjer sissel er rar. rar og bra. og irriterande.
eg vaskar og syng høgt. eg skriv timar og skyklar heim. eg et sjokolade. meir sjokolade. og nektar å telja kaloriar. eg nektar å vera smart. eg nektar å tenkja. eg nektar å vera menneskeleg. eg nektar å snakka i telefonen. eg nektar å vera å vera kynisk. eg nektar. ja, høyrer du? eg nektar.
eg drikk te og strikkar. om ikkje jola er kvit høyrer eg framleis på kvite gutar. jim og eg er samspelte som alltid, og lærer oss mykje nytt. eg vil snart ha ein syd. slik at eg kan ha strengjer i bergen også. eg får verken bob eller jim for meg sjølv.
eg orkar ikkje entourage, men ingenting handlar om noko anna. eg likar ikkje verda, men eg elskar den for det.
do you wanna go to heaven-oh or hell-oh?
eg leitar. eg kosar. eg strikkar.
eg snakkar. eg skriv. eg et.
eg hoppar. og dansar. eg gler meg til ballett.
eg syng og trallar.
og spelar live i eit rom.

onsdag, desember 13

kjære..

soundtrack: chicago - if you leave me now

..karl marx. og du som vil vera karl marx. du med den fine panneluggen og kjærasten din. du frå johanneskyrkja som eg no ufriviljug forfylgjer. du kjekke asiatiske gut. de koselege kafémenneske. "hun søte". alle andre frå religion, du med krøllane til dømes. rock star. du med knebukser og stort skjerf. han eyvind. du pliktopfylgjande jente som alltid gjer noko vetugt og har fine genserar. du med dreads. du kinesiske jente ved dataen. tyske-karsten. og krølle-pelle. SANT301-guten med øyiske briller. du som vil sjå ut som per sundnes. du franske gut me tok flyet saman med til paris den gongen. du med 70-talslua. du som alltid er saman med ho med 70-talslua. du med krøllar som ikkje vil resirkulera. pingvinen. du afrikanar som alltid smiler. du med slikt eit fint, raudt hår. du med den fine kjolen. du som nesten har veldig kul hårsveis. ex.phil-etienne. du med six pencen. du med litt for korte bukser. hans marius hansteen. du som er gravid og alltid skriv på eit word-dokument. peter frå politisk idéhistorie. du utruleg kjekke og intellektuelt mystiske som slutta på politisk idehistorie. du med langt hår som rappa metalisk på kvarteret. du som jobbar på kvarteret og liknar på torkild. og alle de andre vakre biblioteksmenneske.

eg kjem til å sakna dykk. alle saman. utanom rock star, for du dukkar vel opp på jolajazzen også, kan eg tenka meg. vonar de skal vera på biblioteket til neste år også. slik at me har nokon å prata om!

onsdag, desember 6

tårnfalk

soundtrack: curtis mayfield - move on up

kvi! sei meg kvi! kvi skjøna eg ikkje at trientkonsilet var uviktig? og at maimonides kunne vore ein kva som helst mann i mitt hovud og eg ville likevel vore eit lukkeleg menneske? eller at twahid er eit ord ein ikkje treng å kunna? sei meg kvi! kvi! kvi las eg til religionseksamen i det heile?

(apropos: dette er siste eksamensrelaterte post for i år, eg lovar. på tru og ære. kors på halsen. ti fingrar i nasen)

fredag, desember 1

etterlengta

soundtrack: death cab for cutie - soul meets body

1. desember: pepperkaker!

måndag, november 27

poetisk

soundtrack: boards of canada - eagle in your mind

ei ullhue i regn som slår
alt er skydd
alt, til og med lukta av vete som var for langt borte til å kjenna
to av dykk, to av huer
berre ei som tel
slåande, dettande, fangande dråpar
lagar lukt for langt borte til å kjenna
alt er skydd
alt er skydd
uforklarleg, veit ikkje kvifor
ei ullhue i mørket
svingande greiner, svingande tre
gjer førebuingane meir overkomelege enn nokon gong
berre huene, berre den eine
under slåande, dettande, fangande dropar
melankolien får ei tyding
alt passar inn i den
lukta av våt ull kjem attende heile tida
alt er skydd
auge, raudskjer, ullhue
eg vil alltid sjå deg der
sjå deg der sjølv om
du er for langt borte til å sjå
for langt borte til å kjenna
lukta av vete er for langt borte
for langt
for langt til å lukta, for langt til å sjå, for langt til å kjenna
for langt
alt er skydd

søndag, november 26

førebuingar

soundtrack: radiohead - how to disappear completely

eg veit det nærmar seg eksamen når:

eg byrjar verta glad i dei andre menneska som også heng på biblioteket
eg tek til å skriva dikt og noveller att
eg står opp tidleg om morgonen
eg vurderer å gøyma meg for karl marx og overnatta på biblioteket
eg brukar tidobbelt så mykje pengar på kaffi enn vanleg
eg får hallusinasjonar
eg utviklar intern humor med meg sjølv
eg tel timar, minutt og sekund til lunchpausane
eg vert ekstrem-oppteken av ein eller fleir ting som absolutt ikkje har med eksamensførebuingar å gjera
eg fyller ut alle sidene i kalenderen min
eg brukar studvest til innandørs sydvest
eg les om spinoza og bobbio med paola si stemme i hovudet
eg ler. og ler. og ler. av nesten kva det skulle vera. og er generelt i godt humør. ironisk nok
eg oppheld meg meir på campus enn i skivebakken
eg spring rundt med teppe og tøfler mellom biblioteket og kantina og doen og kafeen
eg høyrer endå meir på melankolsk musikk
eg veit kva alle bøkene på pensum heiter
eg bestemmer meg for kva eg skal bli når eg blir stor - over and over again
eg skriv lister over alt eg skal gjera når eg er ferdig med eksamen


når eg er ferdig med eksamen skal eg:

reisa med fløybanen til topps og eta lunch der
ta med meg liggeunderlag og sovepose og kikka på stjernene frå muséhagen
anskaffa pannelugg
gå på biblioteket og låna cd-ar
sitta på kafé UTAN å lesa bøker
dansa mykje, mellom anna ballett
henta gitaren min, jim, og spela mykje på den
gå til skansen og prøva slenghuska
snakka med den kjekke kantineguten igjen
verta kjend med han eg ufriviljug forfylgjer
starta på neste syprosjekt
kjøpa støvlar, regnjakke og ny paraply
ha vinkveld med overfladisk snakk
læra å spela sjakk
gå på naturhistorisk museum med sjur
måla ferdig biletet til guro
finna ut kvifor alphabetical-songen til phoenix er 7:31 minutt lang når den eigentleg berre varar i 3:23 minutt
gå på kunstmuseum
kjøpa ei svart bukse
søkja om å få verta journalist i atrium
eta fiskekaker på søstrene hagelins
laga jolapakker
montera bokhylle på rommet mitt
melda meg inn i immaturus (på ordentleg denne gongen)
læra meg tysk

oppdateringar kjem undervegs

tysdag, november 21

hufsa

soundtrack: nanny nanny boo boo - le tigre

snille deg. Erna Solberg. Jern-Erna. eg må få oppmoda deg om ein ting. kan du ikkje farga håret ditt svart? og gå med svarte klede heile dagen, alltid, alltid? ja?

måndag, november 20

metablogg

soundtrack: the smiths - heaven knows i'm miserable now

metafysikk, metalitteratur, metakunst, metamusikk, metabetapeta. metablogg. dette er ein metablogg. den handlar om kva ein blogg er.

Emilio seier at alle bloggar er uviktige. difor skriv han dikt i staden.

eg skriv blogg. og er metalitterær. metabloggar. metafor.

når eg blir stor skal eg bli verdens beste novelleforfattar. og tekstforfattar. og playwrite

no skriv eg blogg. jaggu

søndag, november 12

verkeleg?

soundtrack: stardust - music sounds better with you
Anonymous said...

hei.
erlend øye her.

(...)

kult å se min sang på nynorsk,
ble veldig poetisk med en gang!

erl

07 november, 2006 17:23

... still trading roses ...

Rousseau

soundtrack: jens lekman - tram # 7 to heaven

Jean-Jaques og eg. eg og Jean-Jaques. me er ganske godt kjent no. vener nesten. førelesarane likar deg ikkje. anarkistvenen likar deg ikkje. likte deg ikkje. kan hende eg overtalte han. folk likar deg ikkje. eg skjønar ikkje det. eg trur du er misforstått.

du stiller mange spørsmål. spørsmål som eg trur det er viktig at nokon stiller. alt for få stiller dei no. synst eg. eg stiller dei no. men eg har ikkje svara. men det har du. sjølv om det er litt vanskeleg å heilt sjå dei. sjølv om det er litt vanskeleg å forstå dei.

eg og du, Jean-Jaques. eg skjønar ikkje alt du skriv, men eg likar det eg skjønar. i alle fall mykje av det. demokratisk kommunistisk anarkisme. eller noko. men no er eg anakronistisk. trur eg. men Jean-Jaques. eg set min lit til at du kan redda meg. meg og IDH201.

onsdag, november 8

islamoppgåve

soundtrack: edit piaf - padam... padam

pička te materina

den hadde eg gløymt

onsdag, november 1

balkanisert

soundtrack: nouvelle vague - heart of glass

akkurat no har eg veldig lyst til å skriva noko
akkurat no kjem eg eigentleg ikkje på nokon ting eg kan skriva om
akkurat no tenkjer eg at det får vera det same, for eg VIL skriva
akkurat no kjenner eg meg flink
akkurat no føler eg at min eksistens likevel ikkje er heilt likegyldig for verda sin framgang
akkurat no kjenner eg at eg faktisk kan bidra med noko
akkurat no er sjølvtilliten på topp
akkurat no veit eg ikkje heilt kvifor eg kjenner det slik
akkurat no veit eg at eg har lært uendeleg mykje så langt dette semesteret, både på skulen (=uni), i sosialt samkvem, i organisasjonsarbeid og ganske mange fleir ting faktisk
akkurat no tenkjer eg at eg 8 koppar latte kan hende ikkje var så lurt
akkurat no er eg glad
akkurat no er eg varm, og det er veldig deilig sidan eg har tilbrakt dei fleste timane etter at eg kom attende til moderlandet i konstant frostskjelving
akkurat no har eg lyst på gardeball sjølv om eg veit at om to timar har eg ikkje lyst lenger
akkurat no er han bra
akkurat no har eg lyst til å ta på meg skjørt og pumpsa på hylla å hoppa og dansa i sofaen og synga høgt, høgt, høgt
akkurat no er verda fin
akkurat no er alle fine
akkurat no er eg nøgd med valet eg gjorde angåande studentrådsvalet
akkurat no veit eg at sensorane i politisk idéhistorie kjem til å elska meg
akkurat no har eg kontroll på Rousseau
akkurat no har eg skrive akademiske sitat med kyrilliske bokstavar på alle aviser eg kunne få tak i
akkurat no har iTunes skifta song, og eg høyrer eg på ein helt som syng om triste, viktige ting
akkurat no gler eg meg til i morgon, då skal eg lesa, lesa, lesa og sjå Paris, je t'aime på kino
akkurat no smiler eg litt for meg sjølv
akkurat no saknar eg Balkan
akkurat no saknar eg å reise
akkurat no er eg likevel glad for å vera her
akkurat no er eg ferdig. no skal eg dansa

måndag, oktober 30

hvala

soundtrack: bel canto - big belly butterflies

tour de Balkan 2006: Zagreb - Kroatsia, Banja Luca - Bosnia Hersegovina, Novi Sad - serbia

eg har delt seng med ein gut på eit serbisk bordell. éi pute, éi dyne, gjennomsiktig do-dør, speiglar rundt heile senga, berre jenter i resepsjonen og unatruleg høg 90-talsmusikk i gangane. dersom det fanst ei universitetslue (jamfør russelue) ville eg no definitivt fått ein stor knute på dusketråden.

husbåt-lista må oppdaterast. Novi Sad, Rebulika Srbska. den nye byen (eit ordspel for dei som kan serbisk) i mitt hjarte. akk.





torsdag, oktober 12

preferanse

soundtrack: kings of convenience - i'd rather dance with you

eg vil heller blogga enn å skriva kvasiakademisk om konfesjonalisering

because i haven't read a single book all year. eller noko